Dommen frå lagmannsretten seier at Skare sjølv står bak trugslane mot seg sjølv. Han skal ha kutta bremseslangane på bilen sin, slik at han køyrde av vegen.
I tillegg slår lagmannsretten fast at den tidlegare presten sjølv har køyrt ein kniv gjennom eit bilete av seg sjølv i nakkestøtta på bilen sin.
LES OGSÅ: Valle-prest nekta straffeskuld
LES OGSÅ: Dømd for falsk forklaring
SJÅ: Alt om saka
Ingen motiv
Lagmannsretten har ikkje funne ut kva motiv Skare hadde for å gjere dette.
I tingretten vart Skare dømd til betinga fengsel i 30 dagar og 25 000 kroner i bot. I lagmannsretten slepp han unna bota.
Biskop i Agder og Telemark, Olav Skjevesland, har tidlegare sagt at han trur det vert vanskeleg for Skare å komme tilbake som prest.
– Det er ingen tvil om at dette er ein alvorleg dom. Den seier at presten har forspelt tilliten som prest, og det er alvorleg. Han har tapt truverde og loge. Det er ein alvorleg dom over ein prest, som skal leve av tillit, sa han til NRK etter at Skare vart dømd i tingretten.
LES OGSÅ: Valle-prest: – Har vore ei tøff tid
LES OGSÅ: Forsvarar: – Katastrofe for presten
LES OGSÅ: Utsatt for trusler
Bygda støtta presten
Etter trugslane møtte fleire hundre personar i den vesle bygda opp for å støtte presten sin.
– Dette skal vi finne ut av, saier ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund til NRK.no 29. april i fjor.
– Vi vil samarbeide med politiet med å finne fram til den som står bak trugslane, slik at vedkommande kan få hjelp, seier Lund.
Det er framleis uklart om Skare kjem til anke dommen til høgsterett.