Hopp til innhold

Nynorsk lett eller vanskeleg?

I Åmli har språkdebatten rulla den siste tida. I går vart det avgjort fleirtalet framleis vil ha nynorsk som målform i kommunen. Vi tok turen til Universitetet i Kristiansand for å sjekk ståa når det gjeld nynorsk blant lærarstudentane.

Mari Kamperhaug og Sinje Ingrid Lønseth

BOKMÅLSBRUKARAR: Mari Kamperhaug (t.v) og Sine Ingrid Lønseth studerer nynorskordboka. Dei er begge samde om at nynorsk er greit å kunne. Det er langt ifrå alle medstudentane som er.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg tykkjer ikkje det er naudsynt med nynorsk. At vi skal ha to norskfag skjønar eg ikkje, seier ein student.

LES OGSÅ: Fleirtal for nynorsk i Åmli
HØYR: Nynorskkunnskap på Universitetet

– Eg hatar nynorsk, seier ein annan.

– Når du ikkje har hatt så mykje nynorsk på barne- og ungdomsskulen slit du litt når du no skal skrive ein tekst på universitetsnivå, då du ikkje har lært så mykje, supplerer ein annan lærarstudent.

Sterke meiningar

Mari Kamperhaug (t.v) og Sine Ingrid Lønseth

SPØRJELEIK: Mari Kamperhaug (t.v) og Sine Ingrid Lønseth studerer flittig nynorskordlista.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Meiningane er ofte sterke om nynorsk. For å finne ut korleis nynorskkunnskapane eigentleg er blant lærarstudentane bestemte vi oss for å arrangere ein nynorsk-spørjeleik. Vi fekk med oss Mari Kamperhaug frå Skien og Sinje Ingrid Lønseth frå Stavanger, som begge studerer ved Universitetet i Agder.

Første kvinne ut var Sinje. Ho fekk i oppgåve å finne eit ord på nynorsk for ordet å stemme (som å stemme ved stortingsval).

– Hmmm. Å stemja, seier ho spørjande.

Det vart nok null poeng der. Vi var ute etter ordet å røyste. Ein kan også skrive å stemme på nynorsk.

Bøying av verb

Neste oppgåve var å bøye verbet å røyste.

– Å røyste, no røystar, har røysta og i går røysta eg, seier ho.

Fire poeng og fullt hus der altså.

Mari fekk i oppgåve å finne eit nynorsk ord for å bevilge.

– Å bevilgje, seier ho.

Det var nok feil. Vi var ute etter ordet å løyve. Neste oppgåve for Mari var å bøye verbet å løyve.

– å Løyve, no løyver, i går løyva eg, eg har løyva. Nei, i går løygde eg, ler ho.

Fasiten er: Å løyve - no løyver - har løyvd - i går løyvde. Dermed to poeng til skiensjenta.

Vinnaren er...

Finaleoppgåva for dei to ivrige lærarstudentane i Kristiansand var å bøye substantivet kjerring. Mari byrja:

– Ei kjerring, den kjerringa, fleire kjerringar og alle kjerringane, seier ho.

– Ei kjerring, den kjerringa, fleire kjerringar og alle kjerringane, seier Sinje.

Heilt rett begge to!

Når vi då tel opp poenga kjem vi fram til at Sinje vinn med åtte poeng, medan Mari kjem på den sure andreplassen med seks poeng i den store nynorsk-spørjeleiken.

– Eg tykkjer det er bra at vi har nynorsk, men eg er ikkje så veldig fan av å skriv nynorsk, seier vinnaren.

– Det er greit å lære seg nynorsk, for det er jo ein stor del av folket som pratar nynorsk, men det kan jo sjølvsagt diskuterast, seier Mari.

Kva meiner du om nynorsk? Diskutèr under.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %