– Det var litt overraskande, men imponerande av Runar som slår Elverum, seier ØIF Arendal-spelar Kjetil Øygarden til NRK.
Runar slo Elverum 25-24 i ein knalltøff kamp i Drammenshallen. Det trur Øygarden vil gjere utslag i morgondagens bronsefinale.
– Dei hadde ein tøff kamp no, så eg trur dei vil merke det i beina i morgon. I tillegg spelte dei mange timar seinare enn oss, seier han.
Tidlegare i dag tapte ØIF Arendal sin semifinale mot Fyllingen.
LES OGSÅ: 18-åring fekk gjennombrotet i tap
– No gjeld det å ha hovudet og beina på plass. Eg trur vi har begge deler. Vi skal gjere alt vi kan for å vinne bronsefinalen, seier Øygarden.
I serien tidlegare i år tapte ØIF 17-30 på bortebane mot Elverum. På heimebane spelte laga uavgjort 32-32.
Bronsefinalen startar klokka 10.45 i Drammenshallen laurdag.
I finalen for herrar møter Runar Fyllingen. I kvinnefinalen møtest ikkje overraskande Byåsen og Larvik.
SJÅ: ØIF Arendal - Fyllingen i bilete