– Det er veldig sterkt. Dei har ein bra treningskultur i klubben, og dei har ein dyktig trenar i Leif Gautestad, seier NRK sin handballekspert, Øystein Havang til NRK.
Laget tapte kun tre kampar etter jul. Havang meiner ØIF Arendal var lure i vinter.
– Dei henta inn Brede Olav Pedersen (keeper) og André Jørgensen (bakspelar) i vinter. Der fekk dei erfaring og gode forsterkningar, seier Havang.
4. plassen vil truleg gje europacup for arendalittane. Handballeksperten trur laget kan bite ifrå seg også der.
– Dei skal jo ikkje spele i Meisterligaen, så dei kan nok klare å vinne heimekampane. Men det viktigaste er å få erfaring frå Europa. Det vil laget tene på. Men har nok eit stykke å gå dersom dei får tysk eller spansk motstand, seier han.