Vipers Kristiansand slo Storhamar i kveldens kamp 29-23. Dermed klatra kristiansandarane opp til 8. plass, som gjev plass i sluttspelet, sidan Levanger kun klarte uavgjort 24-24 heime mot Tertnes.
Dersom Levanger tek poeng i siste serierunde borte mot Stabæk må også Vipers Kristiansand ta poeng borte mot Byåsen.
Vinknes: – Tøft
– Det er nok større sjanse for at Levanger slår Stabæk enn at vi slår Byåsen, men Stabæk er eit godt lag, og Levanger skal få trøbbel der, seier Vipers-trenar Peder Langfeldt til NRK.
I fjor kom Vipers Kristiansand på 2. plass i sluttspelet, etter å ha tapt finalen mot Larvik. Veteran Helene Vinknes veit at laget vil få det knalltøft i borteoppgjeret mot Byåsen.
– Vi har eit tøffare utgangspunkt, men vi må ikkje spare på noko i siste kamp. Vi må spele alt det vi er gode for. Vi må ta med oss opplevinga vi hadde i dag, seier Vinknes.
Nøgd Langfeldt
For i dag hadde jentene i rosa mykje å gle seg over. Laget slo Storhamar som ligg på tredjeplass før siste serierunde.
– Vi viser at vi har eit potensial, men vi må bli mykje meir stabile. Vi vann greit og det var veldig deilig etter at vi har hatt litt marginar imot, seier Peder Langfeldt.
Siste serierunde går neste onsdag klokka 18.00.