11.02.2012

Start sitt 23. æresmedlem

Per Svein Bostrøm (Foto: Sander Heggheim/NRK)

ÆRESMEDLEM: Per Svein Bostrøm er blitt æresmedlem i IK Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Speaker på Start sine heimekampar sidan 1972, Per Svein Bostrøm, er blitt æresmedlem i IK Start.

Han har 38 år bak seg som speaker. Det er truleg noregsrekord.

– Det trur eg faktisk. Eg er av og til rundt om og besøkjer andre arenaer i Noreg. Etter det eg har funne ut er nok eg den som har holdt ut lengst, seier Bostrøm til NRK.

Skryt av miljøet

I går vart 64-åringen heidra på IK Start sitt årsmøte og vart æresmedlem nummer 23 i klubben. Når eliteseriesesongen brakar laus på søndag, med oppgjeret mellom Start og Sandefjord, går han på sin 39. sesong som speaker.

– Eg tykkjer det er ein interessant jobb. Eg tykkjer det er eit fantastisk miljø i og rundt Start. Det gjer det så fantastisk morro å halde på med dette, seier han.

Men det er ikkje berre jobben som speaker som gjorde at Bostrøm vart æresmedlem i klubben. Han har også fleire oppgåver på kampdag.

Hugsar 1980-gullet

– Eg har ansvar for eit medieteam, som legg forholda til rette for media. Det er blitt ein stor del av arrangementa våre. Vi har jo hatt opp mot 147 mediepersonar på ein del av kampane våre. Då krev det eit apparat som skal sørge for at dei skal få gode arbeidsforhold, seier han.

Gjennom mange år som speaker er det spesielt ein dag han hugsar ekstra godt.

– Det som sit spesielt godt er siste serierunde på Kristiansand stadion i 1980. Vi møtte Rosenborg og måtte vinne for å ta gull. Det starta utruleg bra, vi leia 3-1 og følte at dette går heim. Men så klarte Rosenborg å score to mål på ganske kort tid og stillinga var 3-3. Då var det nervar blant dei over 10 000 tilskodarane. Heilt på slutten scora Start 4-3 målet, som sørga for at Start tok seriegull. Det må vere mi største oppleving, seier han.

– Eitt år av gangen

Som nemnt går han i år på sin 39. sesong som speaker. Kor lenge han held på er han usikker på.

– Eg må ta eitt år av gangen, men på søndag startar eg den 39. sesongen som speaker. Så det hadde jo vore freistande å få lov til å kaste seg ut i den 40. også. Men eg trur vi får ta eitt år av gangen, så får vi sjå korleis det går, smiler han.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Høstradio, NRK Sørlandet
Klassequiz promo
Opplev Agder
SørlandsScenen

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet