Onsdag kveld slo laget Njård heile 32-17 på bortebane. Laget leia 12-10 til pause.
Dermed ser det verkeleg ut til å ha losna for Peder Langfeldt sine jenter. Før sigeren mot Levanger i januar, hadde laget åtte strake tap og låg heilt i botnen av tabellen.
Med to nye poeng ligg laget framleis på kvalifiseringsplass, men med ei god luke på fire poeng ned til dagens motstandar, Njård på nedrykksplass.
Toppscorar i oppgjeret mot Njård vart Veronica Kristiansen med sju mål. Helene Jørgensen Vinknes, Michelle Brandstrup og Ingunn Birkeland scora alle fem mål kvar.