Hopp til innhold

- Angrar på at eg var så eplekjekk

Den tiltalte Valle-presten, Arne Skare, angrar på at han "spelte" tøff då han stadig vart utsett for trugslar i form av brev, avkutta bremseslangar og kniv gjennom bilete av han sjølv.

Skare og Søndervik Johnsen

PREGA: Det var ein prega Arne Skare (t.h), som snakka om korleis familien og han sjølv opplevde tida.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg angrar på at eg var så eplekjekk som eg var. Gjennom media prøvde eg å framstå som uredd. Eg ville ikkje la meg knekke, sa han då han forklarte seg i retten.

Skare fortalde i tillegg om eit tøft liv for heile familien.

– Det påverka familien sterkt. Vi hadde det forferdeleg og følte oss som flyktningar i eige land. Eg sov ikkje på fleire veker, eg var heilt i tåka, sa han.

Ville flytte

– Eg var oppe i allefall 2-3 gonger per natt. Eg var redd for at nokon skulle tenne på huset. Det var tungt at politiet ikkje fann ut kven som stod bak. Eg vart meir og meir desperat, seier han.

LES OGSÅ: Valle-prest hadde våpen i kofferten
LES OGSÅ: Forsvarar: - Katastrofe for presten

Valle-presten fortalde at han og familien vurderte å flytte frå Valle, men slo ifrå seg planane fleire gonger.

– Vi såg ofte etter andre stillingar både i Lier og Kirkenes. Men vi trekte oss kvar gang. Vi ville ikkje la oss knekke, sa han.

Ein rørt Skare fortalde om ei tøff tid for både han sjølv og familien etter at han vart tiltalt.

Mediekåt prest

– Eg får ikkje gått vidare i livet mitt. Sosialt, psykisk og økonomisk har denne tida vore forferdeleg tøff. Men eg takkar Gud for at det har gått så bra, som det har gjort. Ingen er døde, og ingen er alvorleg skada, sa Skare.

– Det er rett før eg må skrive uføre-pensjonsmelding då eg snart ikkje kan sjukmelde meg meir, sa han.

Kona klarte ikkje å vere med i rettsalen, fortalde Skare.

– Nei, ho klarte ikkje å vere med opp hit. Når dette stod på ville ikkje kona vere aleine. Vi køyrde barna til skulen. Det har vore ei tøff tid, sa han.

Valle-presten fekk stor merksemd i medie-Noreg, men presten var ikkje ute etter å skaffe seg sjølv merksemd.

– Eg ser at ein kan få inntrykk av at eg er ein mediekåt prest. Men etter bilulukka og fram til no har eg ikkje sagt noko til pressa, sa han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %