– I går var det heilt vilt. Vi fekk inn ein palle, men den gjekk i løpet av eit par timar, seier Øyvind Øslebø, som sel snøutstyr.
Og det er ikkje rart at måkeutstyret går unna i Farsund. Store snømengde i området førte til store problem på vegane i dag tidlg.
– I ein periode i natt kom det 20 centimeter i løpet av 20 minutt i Farsund, nokre stader ligg det drøyt halvmeteren med snø og vel så det, sa operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Bård Austad.