Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot Nettby

Politiet i Agder fryktar overgriparar - åtvarar mot internettstaden Nettby.

Nettby
Foto: Faksimile: nettby.no / NRK

– Det er mange unge blant dei 800.000 brukarane, og første kontakt med vaksne overgriparar har starta på Nettby, seier kriminalteknikar Bjørn Grongstad til P4.

Ifølgje Grongstad er Nettby den største arenaen for vaksne overgriparar. Kriminalteknikaren meiner nettsamfunnet fråskriv seg ansvar ved å ikkje tipse politiet om enkeltepisodar.

Trekkjer fram Bodø-saka

– I dagens form er det ikkje nokon stad for barn. Når vi har starta etterforsking av ei sak, så ser vi veldig ofte at første kontakt mellom barn og ein potensiell overgripar har starta på Nettby, seier Grongstad.

Kriminalteknikaren trekkjer fram overgrepssaka i Bodø som eit ferskt døme . Nettby-sjef Rune Røsten vedgår at politiet ikkje vert varsla om episodar på nettstaden. Han rår brukarane sjølve til å kontakte politiet dersom ein føler seg krenka eller vert utsett for noko.

– Kan bli betre

– Vi gjer det vi kan for å hindre det, men i eit så stort samfunn kan det skje uheldige ting. Vi kan alltid bli betre, seier Røsten til radiokanalen.

– Vi jobbar med haldningsendring hos dei unge og ikkje minst foreldrene. Det er for så vidt eit trekantsamarbeid mellom oss, brukarane og foreldre eller føresette, legg han til.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %