Hopp til innhold

Bolivia-rettssaka startar i dag

Far til 19-åringen frå Lillesand som er tiltalt for kokainsmugling i Bolivia, fryktar ikkje rettssaka.

Hallgeir Øygarden

RETTSSAK: Far til den tiltalte 19-åringen frå Lillesand ser fram til at saka kan komme i gang.

Foto: NRK

– Eg er ganske sikker på at dette kjem til å gå bra. Vi har litt begrensa erfaring med boliviansk rettsvesen, men dersom dei får ein skikkeleg rettssak er vi ikkje uroa i det heile, seier far Hallgeir Øygarden til NRK Sørlandet.

Tekne med kokain

I dag skal han følgje saka mot dottera og to andre kvinner som i fjor vart tekne med 22 kilo kokain på flyplassen i byen Cochabamba i Bolivia. Ho vart i oktober lauslatt mot kausjon på 200 000 kroner frå fengselet i byen. Det har lenge vore spekulert i om saka vil bli utsett. Det håpar ikkje far til 19-åringen.

– Vi håpar verkeleg at vi kan komme i gang på tida, og at saka går som planlagt. Vi har absolutt ingen interesse av ei utsettjing, seier han.

– Kan dra ut i tid

Carl Bore

FORSVARAR: Advokat Carl Bore skal forsvare Lillesands-kvinna i Bolivia.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Tidlegare har advokaten til Lillesands-kvinna sagt at han trur på frifinning . Men Norsk Luthersk Misjonssamband har tidlegare sagt at dei fryktar at saka vil dra ut i tid . Misjonær Marit Andersen, som jamnleg har besøkt kvinnene i fengselet, seier at rettsprosessar i landet ofte tek tid.

– I Vesten seier vi gjerne at "det går berre ikkje an!" men her i Bolivia går det meste an. Det er vanskeleg å seie noko sikkert, sa Andersen til Dagbladet.

Ser fram til rettssaka

For faren har saka vore ei stor belasting, spesielt på grunn av at det har vore sagt og skrive mykje usant om Bolivia-saka, ifølgje han sjølv. Difor ser han fram til at rettssaka skal komme i gang.

– No kan sanninga komme fram ein gang for alle, så det blir bra, seier han.

Ein norsk ambassadør vil vil vere tilstades under rettsaka i Bolivia.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %