Hopp til innhold

Tabbe-ranarane varetektsfengsla

Dei tre unge nordmennene frå Lister i Vest-Agder som vart pågripne for ran i Danmark er varetektsfengsla. Dei spelte vekk pengar på danskebåten, og trengde pengar.

Det var i går dei tre kom køyrande mot blomster- og gavebutikken Købmandens Handelscenter i Arentsmindre på Nord-Jylland. Dei tre var væpna med ei øks og ein leikepistol og maskert med finlandshetter.

Varetektsfengsla

Etter å ha sjekka kasseapparatet, forlot dei butikken utan å få med seg noko som helst.

– Dei tre er varetektsfengsla fram til 1. desember, opplyser vaktleiar ved Nord-Jyllands-politiet til NRK.

Kan bli sende heim

Men allereie neste veke kan dei tre bli utvist frå Danmark, og sende heim til Noreg.

– Dei vil bli avhøyrt, og truleg utvist frå Danmark. Så må norsk politi følgje opp, seier han.

I bilen til dei tre er det funne tjuvgods som truleg stammar frå Farsund. Dansk politi har vore i kontakt med lensmannskontoret i Farsund.

Tilstod

Dei tre mennene var 18, 19 og 20 år og har tilstått forholdet. Ifølgje den danske avisa Nordjyske har dei tre forklart til politiet at dei spelte opp pengane sine på danskebåten. Difor trengde dei pengar til ei hotell-overnatting.

– Så istadenfor eit hotellopphald får dei tre unge nordmennene no eit alternativt opphald i Danmark, skriv avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %