Både Bård Borgersen og Clarence Goodson står i fare for å miste Tromsø-kampen på grunn av skade og sjukdom.
Knudsen eller Haraldsen
– Sjansen for å få tillitt er jo større no som både Bård og Clay er usikre, og det hadde vore veldig moro å få prøvd seg, seier Knudsen til ikstart.no.
Under gårsdagens trening vart både Espen Knudsen og Knut Henry Haraldsen prøvd ut på midtstopparplass.
– No må vi først sjå an om dei som er usikre blir speleklare, men dersom ikkje så har vi alternativ i Espen og Knut Henry. Dei er to veldig forskjellige spelarar. Espen har sine styrker i fart og pågangsmot, medan Knut Henry har sine styrker i rutine og hovudspel. Det blir eventuelt eit vanskeleg val, seier Tørum.
Tørum imponert
Tøum er imponert over utviklinga til Espen Knudsen denne sesongen.
– Han har teke store steg denne sesongen. Han har utvikla seg på mange område som fotballspelar, og det er viktig for sjansen hans her i Start, seier Tørum.
– Eg blir ikkje skuffa dersom eg ikkje får starte. Men eg meiner at eg har hatt ein bra sesong og stigande formkurve. Eg står på både på treningar og i kampar med Start 2, så får eg berre håpe at sjansen byr seg også for førstelaget etterkvart, seier ungguten.