11.02.2012

Skalla ned polititenestekvinne

Rusa flekkefjæring vart irritert då politiet snakka til han.

17-åringen, som ikkje eingang er gammal nok til å nyte alkohol, vart teken for drikking på offentleg stad av politiet i Flekkefjord.

– Tøm ut øla

Då politiet ville snakke til ungdommen og be han tømme ut øla, fekk tenestemennene ein uventa reaksjon.

– Dei ville berre be 17-åringen om å tømme ut alkoholen, og gje ein advarsel. Men då svara mannen med å skalle ned tenestekvinna, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt Hans Petter Osaland til NRK Sørlandet.

Til legevakta

Nedskallinga var så kraftig at kvinna måtte til legevakta.

– Dette er ei rimeleg alvorleg sak, seier Osaland.

17-åringen vart pågripen og send til arresten i Kristiansand.

– Vi har fleire vitne i saka. Blant anna fleire natteravner såg hendinga. Dei har og forklart at 17-åringen hadde vore eit uromoment i byen heile kvelden, seier han.

(NRK Sørlandet)
Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Høstradio, NRK Sørlandet
Klassequiz promo
Opplev Agder
SørlandsScenen

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet