Hopp til innhold

Elgjeger møtte bamsen

Ein elgjeger møtte ein bjørn på heia mellom Setesdal og Tovdal, skriv avisa Setesdølen. Fagfolk reknar med at det er eit streifdyr.

Bjørn.
Foto: NRK.

Det var i området Hagedalen like aust for Valbjørgvatnet mellom Setesdal og Tovdal at jegeren møtte bjørnen onsdag, fortel avisa Setesdølen.

Og ikkje nok med det: Søndag opplevde elgjeger Anders Dalseg i Bygland at han med videokamera kunne filme ein gaupeunge i toppen av eit bjørketre. Også der var det ein elghund som skræmde fram to gaupeungar.

Såg jegeren og bråsnudde

Bamsen på heia mellom Setesdal og Tovdal vart skræmd ut av eit kratt av elghunden, og kom setjande etter hunden ut på myrane like innafor vatnet. I følgje jegeren var det ein velvaksen bamse som tok etter hunden, og var berre 40-50 meter unna då han oppdaga jegeren og bråsnudde.

Bjørnen eit streifdyr

Jon Erling Skåtan i Statens Naturoppsyn (SNO) trur det er eit streifdyr. Næraste bjørneobservasjon andre stader er i Buskerud, seier Skåtan til Setesdølen.

Og søndag opplevde altså  elgjeger Anders Dalseg i Bygland at han med videokamera kunne filme ein gaupeunge i toppen av eit bjørketre. Også der var det ein elghund som skræmde fram to gaupeungar. Den eine kom seg unna, men den andre måtte ty til eit tre. Han klatra oppover og heldt seg i treet lenge nok til at han vart filma. Like etter vart også mora til dei to gaupeungane observert.

Familiegruppe av gaupe

-Det viser i alle fall at det er ei familiegruppe av gauper i Bygland igjen, seier Anders Dalseg til Setesdølen.

Han ser observasjonen søndag i samanheng med at sauebøndene i Bygland har hatt uvanleg store tap på sommarbeita i år. Dei siste åra har det vore totalfreding av gaupe i Bygland fordi stamma har blitt vurdert til å vere altfor lita.

 

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %