Hopp til innhold

Vil krone knallsesong med cupgull

Steffen Hagen drøymer om gull og jubelscener på Ullevaal før cupfinalen mot Molde.

Direkte fra Ullevaal stadion. Kommentatorer: Andreas Toft og Tom Nordlie.

Sjå cupfinalen direkte frå klokka 13.15.

Laster innhold, vennligst vent..

Steffen Hagen

Steffen Hagen skal leie Odd ut på Ullevaal som kaptein.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
– Eg føler meg veldig klar. Det skal bli godt å komme i gang med kampen vi har sett fram til lenge, seier Hagen til NRK.

28-åringen frå Kristiansand har markert seg sterkt på fotballkartet denne sesongen. Som kaptein på Odd har han allereie teke bronse i eliteserien.

– Heile november har vore spesiell for min del med serieavslutning, landslagssamling og no cupfinale. Det er nok den mest interessante perioden i karriera mi resultatmessig, seier han.

Ventar tøff kamp

Han har også spelt seg inn på det norske landslaget og håpar no å avslutte sesongen med gull i cupfinalen. På motsett banehalvdel står seriemeister Molde.

– Det vert ein tøff kamp for oss mot Molde. Dei har vore det beste laget i år, men vi har tru på oss sjølve. Vi veit at vi kan slå dei i ein enkeltkamp. Eg håpar det vert ein stor happening for alle i Skien og Grenland, seier Hagen.

Odd-laget «stakk av» frå cuphysteriet i Telemark. Veka før cupfinalen har laget vore på treningsleir i København.

– Det er cupfinalefeber i heile Telemark. Vi merka det allereie i semifinalen heime der kampen var utselt allereie 14 dagar før kampen skulle spelar. Slik har det halde fram. Billettane til finalen vart rivne bort på null komma niks. Alle gler seg til denne helga, seier han.

Molde er cupmestere

Molde er regjerande cupmeister.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Trur på Start-finale i framtida

Sørlendingen trur det var lurt å reise vekk for å førebu seg til finalen, som vert spelt på eit utselt Ullevaal stadion.

– Eg trur det var like greit. Vi har fått slappa av og trent på gras, seier ham.

Start har aldri klart å spele seg til cupfinalen. Men Hagen trur kristiansandsklubben kan klare det i framtida.

– Ein eller annan gong trur eg dei klarer det. Vi hadde fire semifinalar på rad utan å klare det. Det er ikkje berre å knipse for å komme til cupfinalen, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %