Hopp til innhold

Mykjåland tok sitt fjerde cupgull

Lene Mykjåland frå Kristiansand var sentral då Lillestrøm vann kvinnenes cupfinale. Trenar Monica Knudsen frå Arendal har leia laget til to titlar denne sesongen.

Komm.: Olav Traaen og Tom Nordlie

Sjå Lillestrøm feire cupgullet.

Lene Mykjåland

Lene Mykjåland jublar for scoring mot Trondheims-Ørn.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Eg er i lykkerus. Rett og slett. Dette er veldig stas, seier Mykjåland til NRK rett etter kampslutt.

– Dette var herleg. Dette var målet vårt. Vi har klart det og er utruleg nøgde, seier trenar Monica Knudsen.

Det var motstandar Trondheims-Ørn som kom beste i gang.

26 minutt ut i kampen stanga tidlagere Amazon Grimstad-spelar Lisa-Marie Utland inn 1-0 til trøndarane.

Men i andre omgang vart Mykjåland flytta lenger fram på bana. Det gav umiddelbart resultat, og Lillestrøm pressa Trondheims-Ørn bakover på bana.

Lene Mykjåland frå Kristiansand tok sitt fjerde cupgull då Lillestrøm slo Trondheims-Ørn i cupfinalen.

Sjå intervju med Lene Mykjåland.

Mykjåland utlikna

57 minutt ut i kampen var det nettopp Mykjåland som sette inn reduseringa. Berre to minutt seinare sette Mimmi Matilda Löfwenius inn 2-1 for Lillestrøm.

– Bytet trenar Monica Knudsen gjorde med Mykjåland og Madeleine Giske meiner eg er avgjerande for kampen. Då kom også Isabell Herlovsen meir til sin rett, sa NRK-kommentator Tom Nordlie.

14 minutt før full tid sende nemnde Herlovsen Lillestrøm opp til 3-1 og sikra Kongepokalen.

– Første omgang er ikkje bra. Skal vi vinne kampen må vi vere først i duellane. I andre omgang klarte vi å score tidleg og vi har nokre gode spelarar som har fart i beina og kan score nesten ut av ingenting. På ein dag vi ikkje var på topp var det utruleg gøy at vi klarte å snu dette, seier Lillestrøm-trenar Monica Knudsen.

Lillestrøm-jubel
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Heilt fantastisk

Då fløytesignalet gjekk kasta Lillestrøm-spelarane seg over kvarandre i vill jubelrus for sin andre tittel i 2014. Laget vann serien tidlegare i haust.

– Det var ein skikkeleg tøff kamp. Eg kjende i krampa på slutten. Vi visste at Trondheims-Ørn ville gje oss kamp. Heldigvis heva vi oss i andre omgang.

– Korleis var det å setje inn utlikninga?

– Det var heilt fantastisk. Eg kan ikkje hugse å ha scora eit så viktig mål før, seier Mykjåland.

Klubben frå Romerike har vunne både serie og cup denne sesongen. Mykjåland har spelt ei av hovudrollene gjennom heile sesongen.

Med endå eit cupgull er Mykjåland blant seks spelarar i norsk kvinnefotball som har blitt norsk dobbeltmeister med to klubbar.

27-åringen står med fem seriegull og fire cupgull så langt i karriera.

Komm.: Olav Traaen og Tom Nordlie

Mimmi Matilda Löfwenius sende Lillestrøm opp i leiinga.

Komm.: Olav Traaen og Tom Nordlie

Isabell Herlovsen scorar Lillestrøm sitt tredje mål.

Komm.: Olav Traaen og Tom Nordlie

Lene Mykjåland utlikna for Lillestrøm.

Lisa-Marie Karlseng Utland header ballen fra feltet og i mål. Trondheims-Ørn leder 1-0over Lillestrøm.

Tidlegare Amazon Grimstad-spelar Lisa-Marie Utland sende Trondheims-Ørn i leiinga i første omgang.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %