Hopp til innhold

Teknisk feil utset nytt naudnett

Det nye naudnettet skulle ha blitt teke i bruk på Sørlandet onsdag. Men det er berre brannkorps og politi som går i gang.

Pressekonferanse nytt nødnett

Naudetatane inviterte til pressekonferanse onsdag for å markere startskotet for det nye naudnettet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Dagfinn Sjøvik

Dagfinn Sjøvik er prosjektleiar for det nye naudnettet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRKK

Geir Bøhler

Klinikksjef ved Sørlandet sykehus, Geir Bøhler, er skuffa over at helseetaten ikkje kan ta i bruk det nye naudnettet endå.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
– Det oppstod ei teknisk utfordring som vi må sjå nærare på. Då meiner vi det er riktig å utsetje oppstarten, sa Dagfinn Sjøvik som er prosjektleiar for det nye naudnettet i Direktoratet for naudkommunikasjon.

Naudetatane hadde invitert til pressekonferanse for å «klippe snora» av det nye naudnettet. Men ein teknisk feil gjer at helseetaten ikkje får ta i bruk det nye nettet endå.

– Av og til dukkar det opp utfordringar og det må vi løyse på best mogleg måte, seier han.

– Ikkje ein festdag

Dermed er det berre politi og brannkorps som tek i bruk det nye naudnettet onsdag. Helsevesenet må vente til feilen er ordna.

Medan politi og brannkorps beskreiv dagen med ord som «stor» og «fantastisk», var ikkje klinikksjef ved Sørlandet sykehus, Geir Bøhler like nøgd.

– Det er ikkje den same festdagen for oss. Men vi vil gratulere brann og politi med at dei kjem i gang i dag, seier han.

– Det er særs beklageleg at vi ikkje kjem i gang. Det hadde vore nydeleg å komme i gang og samarbeide med politiet og brannvesenet. Vi har mange tilsette som har lagt ned eit stort arbeid for å komme i gang, seier Bøhler.

Fekk beskjed om ikkje å skru av

Han er samstundes klar på at det er riktig at helseetaten ikkje tek i bruk naudnettet før feilen er retta.

– Dette handlar om liv og helse, og av og til liv og død. Då er det avgjerande at utstyret verkar tilfredsstillande. Vi er difor glade for at feilen er oppdaga i forkant. Vi er einige i den avgjerda og vil jobbe saman med leverandøren og direktoratet for å få retta feilen, seier Bøhler.

Fleire kommunar på Agder har allereie motteke eit brev der det går fram at det gamle nettet ikkje må slåast av.

– Dette vert gjort for å ha eit alternativt nett dersom naudnett ikkje fungerer i oppstartsfasen. Vi beklagar den ekstrabelasting det medfører no i ein overgangsfase, skriv Øyvind Haarr, som er lokal prosjektleiar for naudnett helse på legevakta i Kristiansand.

Brevet er sendt til Birkenes, Lillesand, Åseral, Audnedal, Hægebostad, Bygland og Evje og Hornnes.

No håpar Bøhler at feilen vert retta raskt.

– Vi har gjort ein stor opplæringsjobb. Eg håpar vi kjem i gang så raskt som råd, slik at vi ikkje treng ei ny runde med opplæring, seier han.

Ny radio

I brannvesenet vert mellom anna dei gamle personsøkarane bytt ut med radioar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politimeisteren: – Ein stor dag

Totalt skal det byggjast 2100 basestasjonar for det nye naudnettet. I dag er kring 1300 bygd ut. 14 politidistrikt har til no det nye naudnettet på plass. Alle distrikt skal etter planen ha det nye nettet klart neste haust.

På Sørlandet er det til saman 157 basestasjonar.

– Nettet var ferdigstilt i sommar. Etatane har brukt sommaren til å gjere seg kjende med nettet og dekninga, seier Sjøvik.

Politimeister Kirsten Lindeberg seier det er ein stor dag for Agder.

– Dette er ein stor dag for Agder. Det er all grunn til å gratulere kvarandre, sa ho på pressekonferansen.

Det nye naudnettet skal mellom anna gjere det enklare å rettleie til dømes politipatruljar og brannbilar til ein åstad.

– Det vil mellom anna bli terminalar i bilane våre. Vi kan guide bilane via kart. Det gir heilt andre moglegheiter internt i vår organisasjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %