Politiet har motteke fleire meldingar om innbrot i Vennesla.
– Vi har hatt ein del innbrot spesielt i området Vennesla-Mosby. Vi har ingen haldepunkt på at det er samanheng mellom innbrota vi har vore på til no, seier Eyvind Formo som er operasjonsleiar i Agder-politiet.
Ifølgje operasjonsleiaren skal det førebels ikkje vere snakk om store verdiar som er stole.
– Men vi har ikkje oversikt over alt som er teke endå, seier han.
Det er mellom anna meldt om innbrot ved Metro Bowling i Kristiansand, Høie Fabrikker i Vennesla og ved ein frisørsalong i Vennesla.
– Vi undersøkjer sakene vidare utover føremiddagen i dag. Vi er interessert i tips. Spesielt om folk har gjort observasjonar rundt Moseidmoen og Hunsøya i Vennesla, seier han.