Og bølgja stoppar ikkje enno. Neste sesong skal Sondre Holst Enger køyra for IAM, medan Sven Erik Bystrøm vert lagkamerat med Alexander Kristoff i Katjusja. Det skal og vera interesse frå profflag for Odd Christian Eiking og Oskar Svendsen.
– Me byrjar å sjå ein generasjon med ryttarar som har byrja å sykla på grunn av Hushovd og Kurt Asle Arvesen. Dei har drive med det heile barndommen, seier landslagssjef for landevegssyklistane, Stig Kristiansen, til NTB.
– Vil fortsetja
Han trur ikkje dei norske ryttarane Hushovd, Kristoff, Arvesen, Edvald Boasson Hagen, Gabriel Rasch, Lars Petter Nordhaug, Vegard Breen og Vegard Stake Laengen berre er eit blaff av nordmenn i proffsirkuset.
– Me er ein ung sykkelnasjon. Difor er gode prestasjonar, slik som Kristoff presterer i fråvær av dei andre norske under Tour de France, veldig viktige for å halda oppe interessa, meiner Kristiansen.
For Noreg har enno ikkje sett ein heil generasjon som er vakse opp med sykkel som ein populær sport og folkeleg idrett.
– Først når borna til oss i 40-årsalderen veks opp, når Kristoff og Boasson Hagen er på tampen av karrieren, vil me sjå ein heil generasjon med syklistar som har trent sykling frå dei var unge, seier landslagssjefen.
Ungdommane presterer
Det norske U23-laget er for augneblinken eitt av dei beste sykkellandslaga i verda. På UCIs U23-ranking ligg Noreg på 5.-plass bak dei stolte sykkelnasjonane Frankrike, Sveits, Belgia og Danmark.
Det norske laget vil truleg klatra på rankinga etter fantastiske prestasjonar i det italienske rittet Giro Valle d'Acosta sist helg.
Eiking hamna på 2.-plass samanlagd i femdagarsrittet, som er rekna som eitt av dei tøffaste ritta på kalenderen.
– Me er i ein oppblomstringsfase. Dette er eit produkt av prestasjonane til dei norske ryttarane i Tour de France, og fleire av våre største profilar er framleis unge, seier Kristiansen.