Hopp til innhold

– For ei fantastisk stemning

Larvik vart for sterke for Vipers Kristiansand i den første kampen i Aquarama. Men Vipers-spelarane var høgt oppe etter å ha spelt føre nesten 2000 tilskodarar.

Larvik vann til slutt 30-23, etter å ha leia 13-10 til pause.

Men Vipers-spelarane var i fyr og flamme sjølv etter å ha tapt. Gjennom heile kampen var det ei fantastisk stemning i den splitter nye hallen.

– Det var heilt fantastisk. Du får eit veldig sus i magen når så mange heiar på deg, seier Michelle Brandstrup til NRK.

Fulle tribunar

Rundt 1900 publikummarar hadde funne vegen til opningskampen til Vipers i Aquarama.

– Får vi halvparten av stemninga som var i dag i dei andre kampane, så er det knallbra, seier ho.

Larvik har ikkje tapt ein seriekamp sidan 18. april 2001. Ingen i Vipers hadde veldig stor tru på at kristiansandarane skulle klare å tukte seriemeisteren. Men Brandstrup påpeikar at publikum kan vere avgjerande mot andre motstandarar i framtida.

– Dei har stor betydning. Larvik er så suverene, men i kampar som er jamne har dei veldig mykje å seie for oss, seier Brandstrup.

– Trur du på fullt hus i neste kamp laurdag?

– Vi må levere varene. Om vi ikkje klarer 1900 i kvar kamp framover, så bør vi i alle fall ha eit snitt på 600-700. Det er veldig bra, seier ho.

– Veldig gøy

Også Larvik-spelarane lot seg imponere over stemninga i Aquarama.

– Det var veldig gøy å få lov til å spele under den stemninga som var. Det er gøy at dei klarer å fylle hallen. Eg håpar dei klarer å fylle arenaen framover også, seier landslagsspelar Karoline Dyhre Breivang.

Cecilie Leganger har spelt i mange store arenaer i heile Europa. Også ho let seg imponere over stemninga i Aquarama.

– Det var kjempestemning. Det var heilt fantastisk for å vere ein norsk eliteseriekamp. Det var utruleg gøy å spele her, seier Leganger til NRK.

– Kva tykkjer du om hallen?

– Det er veldig gøy at den ligg midt i byen. I tillegg er det ein utruleg lys og fin hall. Det var godt å spele her, seier målvakta.

Vipers Kristiansand enda på 6. plass i årets eliteserie. Allereie laurdag skal laget ut i sluttspel.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %