Hopp til innhold

Kulda tek livet av trekkfuglane

Ein kald mars månad gjer at trekkfuglane, som har komme dei siste vekene får eit tøft møte med den uvanleg kalde våren.

Det kalde været i landsdelen fører til store problemer for mange trekkfugler. På Lista finner fuglestasjonen flere og flere døde fugl.

SE VIDEO: Dagleg finn dei døde trekkfuglar på Lista som ikkje finn mat på grunn av kulda.

– Det er ganske dramatisk for fuglane som lever på mark og insekt i bakken. Dei finn ikkje mat og sultar i hel. Kva dag når vi går runde på stasjonsområdet finn vi daude viper, seier Margrethe Wold ved Lista Fuglestasjon til NRK.

I februar sa ornitologane til NRK at våren var i rute. Men så kom den kalde marsdagar. Matfatet er hermetisk lukka med tele, og trekkfuglane som har komme til no døyr. Dagleg finn dei daude fuglar på Lista.

Verken feitt eller musklar

– Vanlegvis skulle trekket ha vore i full gang med fleire tjell og fleire viper. Dei skulle normalt ha byrja å markere territoria, men trekket har stoppa heilt opp. Sikkert på grunn av dei kalde temperaturane også nedover i Europa. Det er veldig uvanleg, seier Wold.

Fleire hundre tusen trekkfuglar følgjer vanlegvis lys og vind og stoppar i løpet av våren innom Lista. Dette er staden i landet med flest registrerte fugleartar.

– Om du kjenner på brystbeinet kjenner du at det er veldig spisst. Det er ikkje noko feitt eller musklar, seier ho.

Også ferierande på Lysta fyr registrerer at fuglane har ein tøff kvardag.

– Vi såg ein død fugl som låg langs vegen i stad. Vi tykkjer veldig synd på dei. Det er veldig dumt, seier 12 år gamle Emma.

Lista

Her døyr fuglane på grunn av tele. Frosten gjer at fuglane ikkje finn mat i bakken.

Foto: Mairi Macdonald/NRK

Ber folk til å setje ut mat

– Det var ein som fortalde at han hadde sett ein fugl som nesten hakka seg fast i bakken for å finne mat. Men det var lite. Det er spesielt kaldt i år, seier Knut Frøyland.

No håpar Margrethe Wold ved Lista Fuglestasjon på varmare dagar, slik at telen slepp taket og fuglane finn maten dei treng.

– Det er ikkje kjekt å sjå at dei sultar i hel, men slik er det berre, seier ho.

– Eg vil absolutt anbefale folk om å leggje ut vatn, eple, gryn og brødsmular i hagen, legg ho til.

Margrethe Wold

Margrethe Wold påpeikar at folk kan hjelpe fuglane ved å leggje ut mat til dei.

Foto: Mairi Macdonald/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %