Hopp til innhold

Ordførarar skal gå i fakkeltog for tryggare veg

Alle ordførarane i Lindesnesregionen skal delta i eit fakkeltog i Oslo for trafikkdrepne. Samstundes skal dei kjempe for tryggare vegar på Sørlandet.

Janne Fardal Kristoffersen

Janne Fardal Kristoffersen mobiliserer for betre veg. På bilete ser du ulykkesbilen etter at ein person miste livet i ei trafikkulykke på E39 måndag.

Foto: Kai Stokkeland/NRK - Svein Sundsdal/NRK

– Vi har ein situasjon som er heilt uhaldbar. Det er alt for farleg og risikofylt å køyre på vegane i vår region, seier Lindesnes-ordførar Janne Fardal Kristoffersen til NRK.

Seinast måndag omkom ein person i ei trafikkulykke på E39 ved Fasselandsvannet vest for Mandal. Ein lastebil med tilhengar og ein personbil kolliderte.

Ulykkene skapar frykt

Dette føyer seg inn i rekkja med trafikkulykker på Sørlandet dei siste åra. Ordføraren merkar at ulykkene skapar frykt i befolkninga.

– Når vi høyrde om ulykka byrja vi å telje opp kven av våre tilsette som køyrer denne strekninga, og kven som mangla, seier ho.

– I tillegg fekk vi telefonar frå skuleelevar som var redde for at medelevar var involvert i denne ulykka, seier Fardal Kristoffersen.

15. mars skal ho, saman med ordførarkollegaene i Lindesnes-regionen, vere med på ei samling med «Nei til Frontkollisjoner».

– Kan ikkje ha det slik

– Vi vil vere med på konferansen heile dagen. Vi vil vere med på fakkeltog og skal ha eigne parolar om kor viktig det er med ny veg på Sørlandet, seier ho.

– Det har vore fleire ulykker, og vi ser at dette gjeld heile strekninga langs Sørlandet, der vi ikkje har fått bygd nye, gode og sikre vegar. Vi kan ikkje ha det slik lenger, at vi skal måtte sende våre kjære på så dårlege vegar, legg ordføraren til.

Det ligg pengar i Nasjonal Transportplan til ny veg mellom Søgne og Lindesnes.

– Ein veit at det tek tid å planlegge vegar. På denne strekninga vil det skje noko tidlegare i 2018. Det er forferdeleg at ein skal vente så lenge, når ein har vegar som er så utrygge, seier ho.

– Her må vi verkeleg få fokus på at det er Sørlandet sin tur. Vi må gjere alt vi kan og rope høgt for å bli høyrt, for å få trygge vegar for våre innbyggjarar, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %