Hopp til innhold

ØIF tapte: – Veit ikkje kva som skjedde

Bækkelaget/Nordstrand slo ØIF Arendal enkelt 22-26 i Sør Amfi.

Arendalittane klarte aldri å stoppe Fredrik Lundgren og BSK/NIF-spelarane i angrep. I tillegg bomma dei på det meste offensivt.

– No er eg utruleg skuffa og lei meg på klubben sine vegne. Eg tykkjer vi framstod som veldig blodfattige og mangla entusiasme og samhandling som skal til for å vinne, seier trenar Leif Gautestad til NRK.

– Ser ut som pensjonistar

Ved pause var det ein rasande trenar som vart intervjua på storskjermen i hallen:

– Dette er forferdeleg dårleg. Det er gammalmannshandball. Dei ser ut som ein gjeng pensjonistar utpå der, sa Gautestad.

– No får dei seg ei skikkeleg skyllebøtte i garderoben. Så må dei vise heilt andre takter i andre omgang. Dette er rett og slett for dårleg, sa han.

Men skyllebøtta hjalp lite. Få minutt ut i andre omgang var avstanden opp til gjestene på fire mål. Dette klarte aldri arendalittane å hente inn igjen.

– Vi har hatt ei kjempegod treningsveke og alt låg til rette for ein god kamp. Men eg veit ikkje kva som skjedde. Det var mykje tekniske feil og alt gjekk feil veg. Merkeleg, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

– Eit lag vi skal slå

Før søndagens kamp låg BSK/NIF på kvalifiseringsplass på tabellen. Men kapteinen vil ikkje vere med på at dei undervurderte motstandaren.

– Det er eit lag vi har pleidd å slå heime. Men det er eit lag vi har slite med. Vi har undervurdert mange lag. Men vi undervurderte dei ikkje. Dei har slått Haslum og Fyllingen i dei to siste kampane. Likevel meiner eg heilt klart at det er eit lag vi skal slå, seier han.

ØIF Arendal datt ned ein plass på tabellen og ligg no på 7. plass på tabellen. Avstanden opp til bronsemedaljen er framleis berre to poeng.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %