Hopp til innhold

Uavgjort for ØIF i handballdrama

ØIF Arendal klarte ikkje å hente heim to poeng i Nøtterøyhallen. Sluttresultatet var 20-20 etter ei dramatisk avslutning på kampen.

ØIF leiar 10-8 til pause, men heimelaget slo raskt tilbake i andre omgang og laga følgde kvarandre tett gjennom den siste halvtimen.

ØIF hadde moglegheit til å avgjere kampen i siste angrep, klarte aldri å komme til avslutning.

– Vi hadde eitt poeng i lomma, så vi hadde veldig fokus på å ikkje miste ballen slik at Nøtterøy kunne kontre. Så vart det berre klabb og babb der. Det viktigaste var uansett å ikkje miste det poenget vi hadde, seier Sondre Paulsen.

Seks utvisningar

Arendalittane fekk til saman seks to minutts utvisningar, medan heimelaget fekk to. Kenny Ekman og kaptein Eirik Heia Pedersen fekk to kvar.

– Det var knalltøft utpå der. Det er tøft spel og knallharde taklingar. Utvisningar må vi rekne med. Eg trur ikkje det er årsaka til at vi ikkje fekk med oss full pott, seier Ekman til NRK.no.

Trenar Leif Gautestad rosar mannskapet sitt etter bikkjeslagsmålet i Tønsberg.

– Dette er kampsport. Spelarane kjempar intenst. Dette er ikkje for smågutar. Dei kjempa det dei kunne, seier Gautestad.

Trenaren vil ikkje vere med på at dei seks utvisningane gjorde at laget ikkje fekk med seg full pott. Dei siste sju minuttane pådrog laget seg to utvisningar.

– Vi var ekstremt gode defensivt. Det er eg veldig nøgd med. Vi vil helst ikkje vere dei styggaste gutane i klassen, men vi spelar tøft og fysisk. Vi har gutar som likar å slåst litt, og då får vi nokre tominuttarar. Men det viser i alle fall at vi har «passion», seier trenaren.

Fekk juling

Kantspelar Sondre Paulsen fekk juling ei rekkje gonger. Han klarte å halde hovudet kaldt, men vedgår at det var vanskeleg.

– Det er vanskeleg. Men det skal vere temperatur, seier Paulsen.

No ventar heimekamp mot Bækkelaget i Sør Amfi neste helg. Der forventar Leif Gautestad eit like aggressivt lag, som mot Nøtterøy.

– Eg oppfordrar heile Sørlandet til å komme å sjå på oss. Det kjem til å lukte svidd i Sør Amfi, seier Gautestad.

Med det eine poenget klatra ØIF Arandal opp på 5. plass på tabellen, berre fire poeng frå 1. plass.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %