Hopp til innhold

Denne videoen sikra Mathias (17) jobb, eige show og reklamefilm

Mathias Nyman Mortensen frå Kristiansand drøymer om å leve av sporten parkour. Ein video publisert på Youtube førte han litt nærare draumen.

Videoen av Mathias Nyman Mortensen er laget av kameraten Daniel Øverland

Mathias Nyman Mortensen

Mathias Nyman Mortensen håpar å kunne leve av parkour.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Eg har fått veldig mange tilbakemeldingar, spesielt på den siste videoen. Eg har fått jobb på eit treningssenter og eg skal vere med i ein reklamefilm, seier Mortensen til NRK.no.

I oktober i fjor publiserte 17-åringen videoen på Youtube som er laget av kameraten Daniel Øverland.

Sørlendingen hoppar og kastar seg opp og ned fleire meter.

Parkour er ein idrett der målet er å komme seg frå A til B på den meste effektive måten.

– Du får eit kick

Interessa har blitt så stor for Mortensen at fleire også har hyra han inn som showmann på ulike arrangement. I tillegg skal han altså vere med i ein reklamefilm for Bama.

– Parkour er spennande, utfordrande og ekstremt. Du får eit kick av det. Eg har alltid hoppa rundt fordi eg tykkjer det er artig å hoppe ned frå ting. Så viste bror min meg ein video på Youtube. Dagen etter var eg ute for å prøve ting, så har eg halde på sidan, seier han.

Mortensen starta med parkour i fjor sommar. I løpet av desse månadene vedgår han at det har blitt ei rekkje skrubbsår og beinbrot.

– Eg har knekt to fingrar, eitt handledd og ei tå. Men det følgjer med. Dette er ein risikosport, seier han.

– Det hender eg lurer på om eg kjem meg rundt medan eg er midt i ein salto. Det hender at eg landar på nakken, men det går bra, seier han.

Vil leve av parkour

Med berre eit halvt års trening har han tru på at han kan bli langt betre. Samstundes ser han ei moglegheit for å kunne leve av parkour.

– Det er to ting er tykkjer er veldig gøy. Det er å lage film og hoppe rundt. Eg har lyst til å leve av det eg tykkjer er gøy, seier 17-åringen.

Men det er ikkje alle som er overbegeistra for hobbyen.

– Familien min tykkjer det ser litt skummelt ut og kanskje ikkje så bra. Men venene mine er i ekstase, smiler han.

Mathias Nyman Mortensen

Mathias viste seg fram også då han var på besøk hos NRK.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %