Hopp til innhold

Trur på knallsesong for bringebær

Det går mot ein knallsesong for norske bringebær. For ti år sidan leverte Bama åtte tonn bringebær til butikkane, i år leverer dei 1000 tonn.

Bringebær

(Illustrasjonsfoto)

Det er avisa Nationen som skriv dette i dag.

Bærdistriktet Sogn

– Ingen matvarer aukar so mykje i popularitet som bringebær, seier Hanne Linnert, informasjonssjef hjå Bama, til avisa.

Og for bærdistriktet Sogn er det godt nytt. Dei er langt framfor Hedmark som er nummer to.

– Det er fleire nye sortar som er betre til konsum. Dei held seg betre, og verkar mykje ferskare og friskare etter dei er transporterte, seier dagleg leiar ved Luster Grønt, Olav Skagen til NRK.no.

Dårleg fjorår

Bringebærsesongen er i oppstartsfasen, og i Luster byrjar dei so smått denne helga, litt etter dei andre.

Fjoråret var eit dårleg bringebærår i Luster, då leverte dei berre rundt 20 tonn bringebær til butikkane, mot eit jamt tal på 60 åra før.

– Det er ikkje godt å seia korleis sesongen i år blir, seier Skagen.

Nationen skriv at Bama samarbeidde med fleire produsentar, og kom fram til at typen glen ample egna seg best for norske forhold. Dei er større og held seg betre enn dei andre bæra på marknaden.