Videoblogg på NRK
NRK Rogaland stiller med fem videobloggarar i denne valgkampen. Tre unge og to godt vaksne skal seie kva dei meiner om valgkampen.
Publisert 12.08.2007 20:02. Oppdatert 20.08.2007 13:35.
- Skriv ut

Marianne Tjomsland fra Storhaug i Stavanger
Foto: Ingvald Nordmark/NRKNRK Rogaland legg seg ikkje opp i kva dei seier, så lenge det er innanfor norsk lov.
Møt Marianne Tjomsland, 19 år frå Storhaug i Stavanger. Ho går siste år på idrettslinja på vidaregåande skule.
Her ser du Mariannes første videoblogg

Morten Knutsen fra Rekefjord i Sokndal
Foto: Ingvald Nordmark/NRKMorten Knutsen er frå Rekefjord i Sokndal. Han er tidlegare eigar av Dalane Vask og Rens. Nå er han livsnytar og sterk meiningsberar i kommunen.

Robert Williams, Østhusvik i Rennesøy
Robert Williams er opphaveleg frå USA. Nå er han norsk statsborgar og jobbar som geolog i Oljedirektoratet i Stavanger. Han har med seg folk frå byggefeltet der han bur på Østhusvik i Rennesøy.

Gunnar Størseth Haarr og Ken Martin Wigand
NRK
Gunnar Størseth Haarr er frå Vigrestad, men bur nå i Sandnes. Ken Martin Wigand er frå Egersund. Dei er førstegangsveljarar og går på Time vidaregåande skule. Der er dei mediestudentar og har litt av kvart å by på.
Se Gunnar og Ken Martins første videoblogg
Valgkampen sett frå Rogaland
Dei fire videobloggarane kjem du til å sjå på tv i valgsendingane mellom 20.45 og 20.55 kvar dag frå mandag til torsdag. Dei sendingane byrjar mandag den 20. august.
Du kan også få dei med deg på nettet, nrk.no/rogaland og du kan høyre dei på radio i Lokalen.
Og på Torget, Rogaland skriver politikere hva de mener. Du kan også bidra med egne meninger og spørsmål.











