Hopp til innhold

Vanleg i Premier League – men her reagerer Datatilsynet

På internett kan kvar og ein sjå nærbilete av dei som var på eliteseriekampen mellom Viking og Sandnes Ulf i år. – Showfotograferinga er eit lovbrot, meiner Datatilsynet.

På internett kan kvar og ein sjå nærbilete av alle som var på eliteseriekampen mellom Viking og Sandnes Ulf i år. – Showfotograferinga kan vera eit lovbrot, meiner Datatilsynet.

►SJÅ VIDEO: Alle dei 14.000 som var på Viking stadion under kampen mot Sandnes Ulf 29. juli i år blei fotografert. Fotograferinga var for å gjera stas på lokalderbyet, som enda med 5 - 0 siger til heimelaget Viking. I etterkant kan folk gå inn og sladda seg sjølv.

Per Jansen

Per Jansen klaga Viking inn til Datatilsynet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eit oversiktsbilete ville vore heilt greitt, men dette blir på ein annan måte, seier Per Jansen.

Det er han som klaga Viking inn til Datatilsynet, etter det blei tatt nærbilete av han og 14.000 andre på Viking stadion.

Nytt fotosystem

Systemet heiter Huggity og har blitt vanleg på fotballkampar i Premier League, samt festivalar og konsertar i England.

Den nye måten å fotografera på gjer det mogleg å sjå nærbilete av alle som er i publikum.

Etter Viking ville testa dette ut på heimekampen sin mot Sandnes Ulf i juli har Datatilsynet fått inn den eine klagen frå Jansen, men den har dei også gidd medhald.

Kan sjå om dei klør seg i øyra

Bjørn Erik Thon

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, meiner Viking har brote lova.

Foto: NRK

– Du kan zooma deg så langt inn at du kan sjå kven dei er, kva klede dei har på seg og om dei til dømes klør seg i øyra, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet.

Han ser på bileta frå vikingkampen, som framleis ligg ute på nettsidene til Eiendomsmegler 1, som sponsar klubben.

Thon seier dei har vald å ta tak i saka på prinsipielt grunnlag, sidan dette er første gong denne type fotografering skjer i Norge.

– I denne saka reagerer me på at dei har brukt ein heilt ny fototeknologi utan å be om løyve på førehand.

Publikum blei informert om fotograferinga på stadion, men på grunn av støy skal det ha vore vanskeleg å få med seg kva nettside bileta skulle offentleggjerast på. Ein kan få seg sjølv sladda, men det først etter bileta blir publiserte.

Børge Moi Nilsen

Salssjef i Viking, Børge Moi Nilsen, seier at dei legg seg flate om klubben har brote lova.

Foto: Arild Eskeland / NRK

I eit brev Datatilsynet har skrive til Viking ASA skriv dei at bileta som er tekne må definerast som portrettbilete, og at ein derfor må krevja samtykke. Det samtykket Viking meiner dei har innhenta er ikkje godt nok ifølgje Datatilsynet.

Les òg:

– Me ville gjera noko kult

Det var sponsoren til Viking, SR-bank, som ville gjera stas på klubben i ein vanskeleg periode, då det blei bestemt at ein skulle nytta Huggity.

Dei meinte at denne type fotografering ville vera show, og tenkte ikkje på Datatilsynet.

– Det var ei tid der Viking låg dårlegare an på tabellen enn dei gjer nå, så me ville gjera noko kult rundt denne spesielle kampen mot Sandnes Ulf. Me meiner vel at tilbakemeldingane tyder på at me fekk dette til, seier Frode Sanddal, informasjonssjef i Sparebank 1 SR bank.

Han legg likevel til at dei vil ta det til etterretning, om det viser seg at dei har gjort noko feil. Den same linja legg også Viking seg på.

– Dette var meint som rein underhaldning, men dersom me har gjort noko me ikkje har lov til, skal me sjølvsagt ikkje gjera dette igjen, seier salssjef i Viking, Børge Moi Nilsen.

Han håper likevel at dei kan fortsetja med å gjera dette i Norge.

– Det er ein del av heile underhaldningspakka. Denne sesongen har Liverpool gjort det på kvar einaste heimekamp, og mange andre store klubbar i Europa gjer dette.

Publikumsbilete frå Viking stadion

Kampen mellom Viking og Sandnes Ulf enda med 5–0 siger til Viking.

Foto: skjermdump / www.eiendomsmegler1.no