Hopp til innhold

Torsdag kjempar dei om seriegull på heimebane

I dag blei det kjent at Norges Ishockeyforbund tar seks poeng frå Lørenskog i eliteserien i ishockey. Dermed blir Stavanger Oilers sin heimekamp mot Frisk Asker, om to dagar, ein kamp om seriegullet.

Oilers droppar snus

STAVANGER OILERS: For to år sidan vann Stavanger Oilers NM, nå kan dei for første gong stikke av med seriegullet.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Martin Strandfeldt

Martin Strandfeldt trur Oilers vinn seriegull på torsdag, og at dei seinare i år stikk av med kongepokalen.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– Eg har nett fått beskjed om at seriefinalen allereie blir på torsdag, då er det berre å håpa på godt med publikum, for eg kjenner meg ganske trygg på at me skal vinna mot Frisk Asker, seier den svenske angrepsspelaren Martin Strandfeldt til NRK.no.

Lørenskog mista poeng

Årsaka til at Oilers allereie kan sikra seg seriegullet er at Norges Ishockeyforbund i dag har avvist ein anke frå Lørenskog i ei sak med forbundet.

Klubben har brukt tre spelarar som ikkje var speleberettiga, og nå blir dei dømt som tapar av kampane mot Stjernen 30. desember og Storhamar 3. januar og mistar dermed seks poeng.

Dermed kan Stavanger Oilers for første gong sikra seriemeisterskapen, ved å slå Frisk Asker i Siddishallen førstkommande torsdag.

Dei har lenge vore suverene på tabellen, og med siger på torsdag er konkurrentane utan sjanse til å ta dei att. Etter 37 kampar spelt leia Oilers med 17 poeng over Lørenskog på andreplass. Nå leier dei med 23.

– Me har aldri blitt seriemeistrar før, den tittelen er det neste berre Vålerenga og Storhamar som har kunna smykka seg med, derfor blir det stort om me vinn på torsdag, seier Strandfeldt.

Går for «The Double»

Og trass hardt kampprogram framover, blir det fest om dei vinn seier svensken:

– Eg lovar at me tar heim sigeren, og det blir nok ein liten fest der me tar oss ei eller to øl.

– Berre to?

– Nei, det blir kanskje tre, seier han og ler.

For to år sidan stakk Oilers av med «Bøtta», eller NM-gullet. Dette er prisen som heng høgst i hockeyverda, men nå håper Strandfeldt at dei kan ta begge:

– Me går sjølvsagt for «The Double», og slik eg ser det er det Lørenskog som er sterkaste motstandar, ein eventuell finale i cupen mot dei ville vore ein drøymefinale, avsluttar Strandfeldt.

– Kom brått på

For leiaren for oilerssupporterklubben Roughnecks, Per Arvid Hatlestad, kom poengtapet til Lørenskog brått på.

– Nå hadde me ikkje førebudd noko spesielt til torsdag for å sei det slik, men me kjem nok på noko. Eg håper i alle fall at det også blir utdelingar av medaljar, seier han til NRK.no.

– For du trur dei kjem til å vinna?

– Det er eg 100 prosent overbevist om, seier den optimistiske supporteren.

Han seier at det vil bety svært mykje for han personleg, for laget og for byen, om Oilers nå klarar seriegull.

– Det vil nok bli ein spesiell atmosfære om me vinn, og med det laget me har er me gode nok til å også vinna NM.

Slik feira Oilers kongepokalen for to år sidan:

Oilers feirer kongepokalen

VIDEO: Oilers feirar kongepokalen.

Saka blir oppdatert ...