Hopp til innhold

– Eg prøvde å snakka han frå det

Viking-trenar Åge Hareide seier at han både blei skuffa og overraska over avgjersla til Egil Østenstad om å trekkja seg som sportsdirektør i klubben Det hjalp ikkje at han prøvde å få Østenstad på betre tankar.

Åge Hareide

Åge Hareide blei overraska då han høyrde at Egil Østenstad hadde avgjort at han ville slutta som sportsdirektør i Viking.

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

Egil Østenstad

Onsdag blei det klart at Egil Østenstad trekk seg som sportsdirektør i Viking.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Dei svake resultata til Viking gjorde at Østenstad i dag gjorde det offentleg at han gir seg som sportsdirektør i stavangerklubben etter fem år i jobben.

– Lei start på dagen

Viking trenar Åge Hareide og spelarane fekk beskjeden i dag tidleg, og den blei ikkje godt tatt i mot:

– Det var ein lei måte å starta dagen på, eg prøvde å snakka han frå det, men dette er noko han har bestemt seg for, seier Hareide.

Han seier at det ikkje er noko anna han kan gjera enn å respektera Østenstad si avgjersle. Dei to skal ikkje ha diskutert avgangen til Østenstad i forkant.

– For ei veke sidan fekk me vita at me hadde full tillit frå styret, derfor var det ekstra overraskande beskjed å få, seier han.

Høyr intervjuet med Hareide her:

– Kan gje sterkare samhald

Kva avgangen vil ha å seia for eit vikinglag som slit nedst i tabellen veit ikkje Hareide.

– Me veit ingenting om korleis me skal jobba vidare nå, eigentleg hadde me trengt minst mogleg støy og energitap, men kanskje kan det gje auka samhald i gruppa. Det veit me ikkje, seier trenaren.

Hareide trekk Østenstad fram som ein viktig og lojal støttespelar gjennom perioden på halvannan sesong han har vore trenar.

– Han er ingen gallionsfigur, han har hjarta i Viking, av og til har han fått litt for mykje pepar. Det er eg som har hatt siste ordet i alle spelarkjøpa til dømes, seier han.

Høyr intervju med Nevland:

Erik Nevland

Viking-kaptein Erik Nevland meiner det er spelarane sitt ansvar å gjera noko med dei sportslege prestasjonane til Viking.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Misnøgd kaptein

– Eg trur ikkje dette er bra for Viking, seier ein Erik Nevland som ikkje likte nyheiten om at Østenstad gjer seg.

Kvifor ikkje?

Han er ein flink mann i jobben sin, og har gjort det han kan for for at Viking skal gjera det bra.

Han trur ikkje at dette hjelper Viking i det lange løpet.

– Det er spelarane ute på banen som må få til betre resultat, seier han.