Hopp til innhold

- Ei ny tid i norsk volleyballhistorie

Nå skal Norge for alvor bli gode i sandvolleyball. Med norges første innandørshall kan sandvolley-talent trena året rundt i Norge, treningsturar til Brasil vil ikkje lenger vera naudsynt.

Video Ny sandhall

Tidlegare verdsmeister i Sandvolleyball Bjørn Maaseide var med på det første betongarbeidet med den nye hallen ved Toppvolleygymnaset i Sand i Suldal. (Foto: Arne Gunnar Olsen)

Hallen til ein prislapp på over 30 millionar kroner skal vera ferdig til skulestart neste år, og kjem til å vera base for den norske sandvolleyballsatsinga mot OL i London i 2012.

Slik var markeringa på torsdag:

Video Ny Sandhall

(Foto: Arne Gunnar Olsen)

Det er på Toppvolleygymnaset på Sand i Suldal den nye hallen skal liggja, og Øyvind Marvik avdelingsleiar ved Toppvolley Norge, var svært nøgd då arbeidet med hallen byrja.

– Dette er ein stor dag som markerer ei ny tid i norsk volleyball si historie.

Først og fremst skal dette vera for at ungdommar skal kunna trena året rundt på sandvolleyball. Men Marvik håper at også at dette skal bli base for dei etablerte profesjonelle spelarane me har.

Tidlegare proff Bjørn Maaseide peiker på at det nå blir mykje billegare å satsa fullt på sandvolleyball når ein slepp å reisa på dyre treningsleirar til mellom anna Brasil.

– I den vidare satsinga vil dette vera eit kraftsenter, eg skulle ønskja at det kom for 30 år sidan, seier Maaseide.

– Kor mange år går det før dei som får bruka denne hallen vinn sandvolleyballturneringa i Stavanger?

– Det vil skje innan 2015, svarer Maaseide utan å nøla.

Den nye hallen skal stå klar i juli neste år.