10.02.2012

- Eit fortent tap

Cupfinale Randaberg (Foto: Gunnar Morsund/NRK)

Det blei tre strake sett-tap for Randaberg i dag.

Foto: Gunnar Morsund/NRK

Randaberg sjanselause mot Nyborg i cupfinalen i dag.

Med settsifra 25-18, 25-18 og 25-17 tapte Randaberg cupfinalen i volleyball mot Nyborg i Randaberghallen i ettermiddag.

- Det var eit fortent tap, oppsummerer veteranen Jørre Kjemperud kort.

Randaberg-trenar (Foto: Gunnar Morsund/NRK)

Randaberg-trenar, Mladen Stankovic.

Foto: Gunnar Morsund/NRK

Nyborg hadde full kontroll

Trass utselde tribunar og stor stemning, cupdraumen brast for Randaberg.

Nyborg brukte berre ein god time på innkassera cupgullet, og laget frå Bergen hadde full kontroll frå start til slutt.

- Nyborg spelte fantastisk i dag. Trenar Ivar Bakken har nok ein gong klart å skapa eit topplag. Nå må dei komma seg ut i Europa og måla krefter der, meiner Kjemperud.

Skuffa Randaberg-trenar

Hovudtrenar for Randaberg, Mladen Stankovic, er naturlegvis skuffa over tapet.

- Me sleit i mottak etter at dei pressa oss på serven. Og eg var imponert over blokkene deira. Det er heilt klart at me tapte for eit betre lag i dag, seier han.

Heile 850 tilskodarar møtte opp i Randaberghallen.

Siste: Sport

Siste: NRK Rogaland