10.000 får sykla nordsjørittet

Bilete frå Nordsjørittet 2009.
Foto: Ole Andre Lagmandokk/NRKFleire får høve til å delta i det populære sykkelrittet.
Publisert 29.10.2009 17:16.
- Skriv ut
Det var trangt i løypa mellom Egersund og Sandnes under rittet i år. Mange blei også plasserte på venteliste og fekk ikkje delta.
Derfor får 10.000 personar sykla det populære turrittet neste år - mot drygt 7.100 i år.
- Sykkelinteressa har eksplodert dei siste åra og behovet for nye plassar er stort, seier dagleg leiar i Nordsjørittet, Eli Orre.
Tidlegare start
Saman med Birkebeinaren er Nordsjørittet det idrettsarrangementet som har størst deltakarinteresse i Noreg.
- Nytt neste år er også at vi kjem til å forlenga arrangementet. Starten vil skje mellom ein time og halvannan tidlegare enn i år. Det betyr at dei tidlegaste kan setja seg på sykkelsetet allereie klokka 7.30 om morgonen.
- Men er 10.000 plassar nok for å hindra nye ventelister?
- Det er det talet vi har landa på i år, så får me håpa på like stor interesse i 2010 som i år.
Sjå video frå Nordsjørittet 2009.
Ventar 250 lag
Orre seier dei ventar over 250 startande lag neste år. Og løypetraséen kjem til å bli den same som i år.
- Nå kryssar vi fingrane for fint vêr, seier Nordsjøritt-generalen, som minner om at påmeldinga tek til 1. februar 2010.
Siste: Sport
Siste: NRK Rogaland
Sorg i klatremiljøet etter ulykke - To fjellklatrere omkom på Kjerag
- Forsker kan ha plagiert student
- Solum Larsen avhørt fredag
- Klemt under bilen
- Kritisk til medienes oppførsel
- Sandnes Ulf er i storform
- - Partiene griper inn for seint
- Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser

Sandnes Ulf er i storform








