I dag offentleggjorde NFF lista over TV-kampane i dei første åtte rundane av årets eliteserie.
Fredagskampen blir mellom Viking og regjerande seriemeistrar Molde i Stavanger, til Viking-leiinga si store glede.
– At me får fredag som første og einaste kamp gjer at me får ekstra stor merksemd. Me skal laga fest på Viking stadion, seier direktør Arne Larsen Økland på klubben sine nettsider.
– Eit rotterace
– Eliteseriestarten med Viking–Molde blir ein knallstart med seriemeisteren ut mot eitt av dei beste laga i fjor haust. Det er akkurat den starten me ønska oss. Ole Gunnar Solskjær har sagt at årets sesong blir eit rotterace, og det startar fredag 15 mars, seier Niels Røine i Norsk Toppfotball.
Første rund blir elles spelt laurdag og sundag.
På laurdag tar Aalesund imot FK Haugesund, medan Brann spelar mot Vålerenga i Bergen. Resten av kampane blir spelte på sundag.