Hopp til innhold

– Uvisst når vegen kan opna

Tre dagar etter raset mellom Suldalsosen og Nesflaten er vegen framleis stengt. – I dag skal me ha synfaring med geolog, seier vaktoperatør i Vegvesenet, Ove Amundsen.

Ras Lauvvikjo

Fredag kveld gjekk det eit større steinras på riksveg 13 ved Lauvvkjo som ligg mellom bygda Nesflaten i Suldal og Suldalsosen.

Foto: Leif Haugen Havrevoll

– Me ser at dette er eit stort ras, og me veit framleis ikkje kor stor skadane er på sjølve vegbanen, seier vaktoperatør i Vegvesenet, Ove Amundsen.

Det var fredagskveld det gjekk det eit større steinras på riksveg 13 ved Lauvvkjo som ligg mellom bygda Nesflaten i Suldal og Suldalsosen. Svære steinar raste ned frå fjellsida frå om lag femti meters høgde.

Uvisst om opning

Sjølv om vegen blir rydda, kan det derfor likevel ta tid før vegen blir opna for trafikk, dersom vegen har fått store skadar som må fiksast.

– Nett nå veit me ikkje når vegen er klar for trafikk, seier Amundsen.

I dag vil ein geolog synfara området. Dette må gjerast før ryddearbeidet blir sett i gang.

Klokka 11.03 sende Vegvesenet ut melding om at vegen heller ikkje blir opna måndag.

– Omkøyringa går fint

– Faren er lausmassen som ligg oppe i fjellsida over der raset allereie har godt. Me må finna ut kor mykje av dette me må ta ned, seier Amundsen.

For den vanlege trafikken tilrår Vegvesenet omkøyring via fylkesveg 520 Sauda–Røldal eller fylkesveg 46 om Ølen, for større og tyngre køyretøy.

Vegvesenet opplever at denne omkøyringa har gått bra.

– Me har inntrykk av at informasjonen ut til trafikantane har gått greitt, og at trafikkflyten har vore fin, trass omkøyringa, seier Amundsen.