Hopp til innhold

Klar til livredding og brannsløkking

Den splitter nye ambulansebåten kan også sløkkja brannar frå sjøen. I dag har reiarselskapet Rødne motteke den første katamaranambulansen som nokosinne er bygd i Norge.

MS Rygervakt

VESTLANDSPROSJEKT: Den nye ambulansebåten er bygd i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, kjøpt av rogalandsselskapet Rødne og skal liggja til kai på Storebø i Austevoll i Hordaland.

Foto: Rødne

– Dette er framtidas ambulansebåt, seier ein nøgd sjef i reiarselskapet Rødne.

Lars Rødne er ute i den splitter nye katamaranen på sjøen utanfor Sjernarøy i Ryfylke i Rogaland. Selskapet som driv to andre ambulansebåtar i Rogaland og Hordaland meiner at katamaran er framtida:

– Dette er verdas første ambulansebåt med to skrog. Du får mykje betre plass og båten ligg meir stødig i sjøen, dette gjer at komforten for pasientane blir betre og også arbeidsforholda for dei tilsette på båten, seier Rødne.

Den nye ambulansebåten som har fått namn «MS Rygervakt» har eit eige pasientrom med plass til tolv personar. Den skal nå overta drifta etter «MS Rygerstril» som nå ligg i beredskap i Austevoll.

Ambulansebåten er også utstyrt med ei vasspumpe som gjer at den kan sløkja brannar frå sjøen med hjelp av sjøvatn.

– Alt i alt så ser me på denne ambulansebåten som svært nyskapande og moderne, seier Rødne.

Nå skal båten visast fram i Stavanger, før turen går vidare til Austevoll. Her skal mannskapet ha opplæring på den nye båten i nokre veker før den overtek for den gamle ambulansebåten her.

Det var Brødrene Aa i Sogn og Fjordane som i dag leverte båten til Rødne.

Ambulansebåt med brannsløkkingsutstyr

VASSPUMPE: Vasspumpa og brannsløkkingsevnene til «MS Rygervakt» blir demonstrert.

Foto: Rødne