Hopp til innhold

Ein lokalrutebåt har kome heim

Den over hundre år gamle båten Jøsenfjord er heime i Norge etter tretti år i Tyskland og Nederland. – Ei god kjensle å ha båten tilbake, seier Lars Randa frå Randøy.

Jøsenfjord 1975

Slik såg Jøsenfjord ut ein vakker sommardag i 1975 på Skartveit i Ryfylke.

Foto: Tor Øvregaard

Det er kanskje ikkje så lett å forstå kvifor eit heilt lokalsamfunn brukar store pengar, tid og krefter på å få heim ein gamal lokalrutebåt.

Svaret ligg i at ein båt ikkje berre er ein båt om du kjem frå eit øysamfunn som Ryfylke.

Kontakt med omverda

– Båtane var den einaste transportvegen me hadde til omverda. Skulle nokon føda ein unge var det ut med rutebåten til Stavanger, og så koma tilbake med ein nyfødd i armane til familien som venta på kaien. Folk som var sjuke og trong behandling måtte også ut med rutebåten. Nokon kom tilbake friske medan andre kom tilbake i ei kiste, seier 59 år gamle Lars Randa frå Randøy i Ryfylke.

Han er ein av dei som har stått på for å få den eldste båten som gjekk i rutetrafikk i Ryfylke heim. Minna hans frå MS Jøsenfjord er mange og gode:

– Som ungar pleidde me å liggja og kikka ned i maskinrommet, det var svært spanande.

Der kikka dei ned på nøyaktig den same motoren som er i skipet i dag, og som i påsken frakta han og sju andre båtentusiastar frå Nederland til Ryfylke.

MS Jøsenfjord

MS Jøsenfjord på veg inn i Ryfylke 20. april 2011.

Foto: Leon Beesemer

Byrja som dampskip

Historia om MS Jøsenfjord er lang og byrjar i Kristiansand i 1886. Der blei båten bygd som eit dampskip på Christianssands Mek. Værksted.

Dampskipet fekk namn DS Lindesnæs og blei nytta i kystruta Farsund - Kristiansand fram til 1930 då ho blei seld til AS Jøsenfjord i Stavanger for 15.000 kroner.

Derfor var det mange sa om båten: «Ho pløyar godt, men legg torva stygt»

Lars Randa

Her skulle båten, som blei bygd om til eit motorskip og døypt MS Jøsenfjord, ha fleire år framføre seg i rutetrafikk i fjordane i Ryfylke. Heilt til 1978 var Jøsenfjord i rutetrafikk, då blei ho seld til Tyskland.

Omlag 30 år seinare hadde båten hamna i Nederland, men den var langt frå gløymd av folk i Ryfylke. Derfor vekka det oppsikt når båten blei lagt ut for sal i vinter i år, og det var til stor glede og forbausing for båtentusiastane då det viste seg at MS Jøsenfjord var i god stand.

Etter to folkemøter i Stavanger blei Andelslaget MS Jøsenfjord stifta, og arbeidet med å få skipet heim kunne byrja.

– Mange hundre folk har engasjert seg i arbeidet eller støtta opp økonomisk, mellom anna med kjøp av ei Jøsenfjord t-skjorte som me har laga, fortel Randa.

På kort tid blei det samla inn 600.000 kroner og den 8. april blei båten kjøpt for 35.000 euro.

– Det var flott å få kjøpa båten tilbake det er den einaste som er igjen av båtane som gjekk her. I tillegg er det den eldste.

– «Rubb-motoren» sveiv som ei klokke

MS Jøsenfjord

Wichmann-motorar blei laga på Rubbestadneset i Bømlo, og derfor kalla 'Rubb-motor'. Motoren til Jøsenfjord blei laga i 1932.

Foto: Leon Beesemer

Onsdag denne veka fekk mannskapet på åtte start på den gamle Wichmann-motoren frå 1932 produsert på Rubbestadneset i Bømlo.

– Me fekk hjelp ut frå Den Oeveren i Nederland av ein los. Etter dette gjekk seglasen utmerka. Det var speglblankt på sjøen og «Rubb-motoren» sveiv som ei klokke, forteljer Lars Randa som hadde ei god kjensle under turen.

Onsdag kveld kunne båten leggja til på Randøy.

– Nå har me nådd det første delmålet om å få båten heim, nå håpar me at me kan få riksantikvaren med på restaureringsarbeidet, for å få båten i topp stand.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Gode minner og historier

Men før dei aktive eldsjelene sett i gang med dette arbeidet kan det vera greitt å bruka påsken til å kosa seg med minna frå Jøsenfjord då ho framleis gjekk i rutetrafikk.

– Husdyr som kyr og sauer måtte også fraktast med rutebåten når dei skulle til slakthuset. Ein gong i byrjinga av sekstitalet hoppa ein stut på sjøen, og det var eit svært rabalder med å få den opp. Men dei fekk han opp og inn på slakthuset, minnes Randa.

Han kan også fortelja at Jøsenfjord ikkje var som dei moderne rutebåtane me i dag har med iskrem, komle, skrapelodd og alt det ein måtte ønskja seg.

– Det var ei bysse der stuerten laga mat til mannskapet. Du kunne få kjøpa kaffi eller brødskive av stuerten. Det var det heile.

Randa fortel vidare at det gjekk mange historier om stuertane som jobba på Jøsenfjord.

– Det var særleg ein stuert, han såg visst alltid an dei som ville kjøpa brødskive av han. Dersom dei var litt skrale smurte han på eit godt lag med smør, og dersom dei kanskje var litt godt i hald smurde han nesten ikkje smør på i det heile, ler Randa.

Fleire turar på land

Motoren til Jøsenfjord er av typen som må slås heilt av, for så å bli starta andre vegen om den skal reversera. Dessutan er det også slik at dersom motoren går sviv også propellen.

Dette gjer at kommunikasjonen mellom styrmann og maskinisten er svært viktig. Likevel gjekk det gale fleire gonger, og Jøsenfjord har mange gonger gått på land.

– Derfor var det mange sa om båten: «Ho pløyar godt, men legg torva stygt», seier Lars Randa om båten som endeleg har vendt heim til Ryfylke.