Hopp til innhold

Ryfast kan bli finansiert på 20 år

Prisen for å køyra gjennom Ryfast blir 230 kroner kvar veg. Med denne prisen skal finansieringa vera ferdig på 20 år.

Ryfast

Ryfast skal gje Ryfylket fastlandsforbinding.

Foto: NRK

Det er klart etter at Statens vegvesen har laga ein endelig finansieringsanalyse av vegprosjektet.

Prislappen på tunnelane er på fem milliardar kroner.

– Me ser at det lar seg gjera å bompengefinansiera Ryfast med ei nedbetalingstid på 20 år, seier Tor Geir Espedal, som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Analysen blir nå sendt ut på høyring til kommunane dette handlar om og Rogaland fylkeskommune. Målet er å starta bygginga av Ryfast i 2012.

Prisen per passering vil vera 230 kroner for at nedbetalinga skal kunna skje på 20 år.

– Det vil dermed bli dyrare enn på Finnfast, men rabatten vil også vera høgare for storbrukarane. Det er opna for at desse kan få heilt ned til 50% rabatt, seier Espeland.