Hopp til innhold

Hadde feil sjølvmordstal

Ryfylke distrikspsykiatriske senter la fram heilt feil sjølvmordstal for Strand kommune då dei for to månader sidan presenterte eit sjølvmordsprosjekt. Dette førte til at NRK fortalte om ei sjølvmordsbølgje på Strand som ikkje eksisterer.

– Det kan sjå ut som om det rett og slett har blitt rota med tala, seier Roar Nordås i Ryfylke DPS.

Han seier at dei nå vil gå inn å sjå på kva det er som har skjedd i denne saka.

Det var ordføraren i Strand, Helge Steinsvåg , som først reagerte på nyheita om ei sjølvmordsbølgje i kommunen hans. Han tok kontakt med lensmannen for å få tala på kor mange sjølvmord han hadde registrert i år.

Svaret frå lensmannen var eit heilt anna enn det Ryfylke DPS opererte med.

– Hittil i år har me dessverre hatt to sjølvmord, seier Steinsvåg, som ikkje forstår kor Ryfylke DPS har fått tala sine frå.

Ryfylke DPS har tidlegare opplyst om at det har vore eitt sjølvmord i månaden det siste halve året.

Lensmann i Strand, Odd-Bjørn Næss, seier at alle sjølvmord blir registrert hos dei.

– Kvar gong det skjer eit unaturleg dødsfall blir politiet kopla inn for å sjå om det kan liggja noko kriminelt bak, og eit sjølvmord er eit unaturleg dødsfall, seier Næss.