Hopp til innhold

Motorsykkelulukke i Byfjordtunellen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein motorsykkel køyrde gale i Byfjordtunellen nord for Stavanger laurdagskveld.

Ulukke Byfjordtunellen

Tunnelen vart stengd etter at ein motorsykkel krasja med ein bil i sjutida laurdagkveld.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.05.

Det viser seg at det er ein 21 år gamal mann som har køyrd i fjellveggen i tunellen, seier opperasjonsleiar i Politiet Egil Karlsen.

Mannen er frakta til Stavanger Universitetssjukehus, og tilstanden skal vera stabil.

Sjukehuset opplyser at mannen kom frå det med lettare skadar.

Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til ulukka, men det kan hende at føraren hadde stor fart, seier Karlsen.

Måtte stenga vegen

Vegen vart stengd, men nå er den opna igjen. Det var ei stund mykje kø i begge retningar.

Kø utanfor Byfjordtunellen etter ulukke

Kø utanfor Byfjordtunellen etter ulukke.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK