Hopp til innhold

Her blir 300 bartar fotograferte

300 mannfolk med bart har stilt opp for det som skal bli ei ny bartebok.

Søndag fotograferer Henriette Framnes Time 300 barter til inntekt for kreftsaken.

Henriette Framnes Time lagar bartebok med bilete av 300 bartar. Kjetil og Thomas Fevang i Brødrene Fevangs Barberstue stilte opp som hjelparar. Foto/redigering: Arild Eskeland.

Denne månaden har menn verda over latt barten gro i det som blir kalla «Movember».

Målet er å samla inn pengar og skapa merksemd kring menn si helse, spesielt på kreftsaka.

Mellom anna lar heile ishockeylaget til Stavanger Oilers barten gro i kampen mot prostatakreft.

Gir ut boka neste år

I eit fotolokale i bygningen til Stavanger Aftenblad i Stavanger har 300 menn den siste tida stilt opp for fotograf og bokskapar Henriette Framnes Time. Flesteparten møtte opp med barten sin søndag.

Framnes Time lagar ei bartebok som etter planen skal bli gitt ut neste år.

– Eg tenkte dette var ein genial idé for å samla inn pengar til kreftsaka. I tillegg er det kjekt å vera med på.

Les også: Lar barten gro for underlivet

Idé frå Australia

Ideen fekk ho då ho budde i Australia, der «Movember» er ein stor ting kvart år.

– Det blir portrett i svart/kvitt på kvar side i boka. Alle pengane går direkte til kreftsaka, seier ho.

Bokskaparen har planar om nye bartebøker kvart år framover. Då frå andre stadar i landet.