Hopp til innhold

Tastarustå vant naboduellen

Dei visste kva presidenten heite, men ikkje kva fisk som produserer den eksklusive russiske kaviaren. Tastarustå skole toppar likevel rogalandstabellen etter andre runde av Klassequizen. ►Høyr korleis dei klarte seg.

Tastarustå i Klassequizen

FØREBELS I TET: F.v. Jan Espen Runestad, Tobias Wang og Ingrid Lausund Tengesdal representerer 10. klasse på Tastarustå skole.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det andre laget som deltok i NRK Rogaland sin klassequiz denne hausten var Tastarustå skole.

Dermed blei det allereie i andre runde duka for nabooppgjer. Teinå skole, som var først ut, kjem nemleg også frå Tasta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Russland, kropp og striper

1. Kva heiter Russland sin president?

2. Kva for ein artist har ein song med namn «Russian Roulette»?

3. Frå kva for ein fisk får me ekte russisk kaviar frå?

4. Kva heitte kjendisen på 1800-talet som gjekk til fots frå Rogaland til Russland?

5. Plassar desse kroppsdelane frå øvst til nedst på kroppen. Lårbein, ambolt og lever.

6. Kva heiter actionskodespelaren som var guvernør i California?

7. Kva for ein av desse lidingane er ei matvegring? Anemi, megareksi eller afasi.

8. I kva for ein song av Stavangerensemblet syng dei om ein kroppsdel, heiter songen «Kan ikkje finna fingeren», «Kan ikkje finna foten» eller «Kan ikkje finna akillesen»?

9. Kva heiter bestevenen til Pondus?

10. Kor mange striper er det i det amerikanske flagget?

11. Kva for eit av desse fotballaga spelar med striper på draktene, er det Tottenham, Newcastle eller Leeds.

12. Tre rogalandskommunar har ikkje kyststripe, nemn ein kommune som ikkje ligg ved sjøen.

Svara kan du lesa nedst i artikkelen.

Høyr Tastarustå her:

►HØYR LYDKLIPP: 'Eg kan meir enn du trur' står det på ryggen av t-skjortene. Her kan du høyra korleis Tastarustå klarte seg i Klassequizen.

Nesten full pott

Jan Espen Runestad, Tobias Wang og Ingrid Lausund Tengesdal imponerte og fekk nesten full pott.

Det einaste dei ikkje kunne svara på var kor den russiske kaviaren kjem frå.

Dermed ser tabellen nå slik ut.

Klassequizen i Rogaland

Plassering

Skole

Poeng

1

Nedstrand, Tysvær

11

 

Tastarustå, Stavanger

11

3

Bryne, Time

10

 

Grødem, Randaberg

10

 

Skåredalen, Haugesund

10

 

Lund, Lund

9

7

Hjelmeland

9

 

Lagård, Eigersund

9

 

Skeiene, Sandnes

9

 

Samfundets skole, Eigersund

9

11

Austbø, Stavanger

8

 

Gosen, Stavanger

8

 

Kannik

8

 

Lundehaugen, Sandnes

8

 

Teinå, Stavanger

8

 

Tysværvåg, Tysvær

8

 

Vikeså, Bjerkreim

8

 

Vikedal, Vindafjord

8

 

Øygard, Sandnes

8

20

Gjesdal

7

 

Lurahammaren, Sandnes

7

 

Riska, Sandnes

7

 

Tananger, Sola

7

 

Tastaveden, Stavanger

7

25

Goa, Randaberg

6

26

Ogna skole, Hå

5

27

Husabø, Egersund

4

Ekspander/minimer faktaboks

Svar:

Her er svara i konkurransen

1. Vladimir Putin

2. Rihanna

3. Stør

4. Pilt Ola

5. Ambolt, lever og lårbein

6. Arnold Schwarzenegger

7. Megareksi

8. «Kan ikkje finna fingeren»

9. Jokke

10. 13

11. Newcastle

12. Bjerkreim, Time og Lund