Hopp til innhold

Skyhøge bustadprisar fører til mangel på lærarar

Den kraftige velstandsauken i Stavanger-området er i ferd med å skapa alvorlege problem for skulesektoren.

Våland skole

MANGLAR LÆRARAR: På Våland skole i Stavanger prøver dei nå for tredje gong denne hausten å få tilsett to nye lærarar.

Foto: Google

– Det trengst ei formidabel satsing på rekruttering av lærarar, seier leiar av Utdanningsforbundet i Stavanger, Merethe Handegaard-Skeie.

Velstandsutviklinga på Nord-Jæren har gradvis endra samfunnet. Bustadprisane, biltrafikk og ei auke i sosiale ulikskapar har blitt eit problem.

500 utan godkjenning

Skulen, som ein forskingsrapport frå IRIS nyleg definerte som sjølve suksesskriteriet for Nord-Jæren for framtida, blir det neste problemområdet som veks ut av skyggen frå oljeboomen.

– Det er mange skular i Stavanger som allereie manglar kvalifiserte lærarar, og me ser at kommunen slit med rekruttering på alle fagområde.

Berre i Stavanger kommune er det nå 500 lønsmottakarar i skulen, som er koda med «lærar utan godkjenning». I tillegg er også vikarsituasjonen dramatisk.

Teddy Lykke Bisgaard

Rektor Teddy Lykke Bisgaard slit med å få inn nye lærarar på Vassøy skole.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Årsaka er at lærarlønene ikkje samsvarar med bustadprisane, som har vokse seg skyhøge i Stavanger.

Får ikkje søkarar

Rektor Teddy Lykke Bisgaard på Vassøy skole er ein av mange rektorar som hadde håpt å tilsetja ein ny lærar før jul. Fristen gjekk ut før helga.

Han fekk inn ein søknad, frå ein person som ikkje har lærarutdanning.

– Han er ikkje kvalifisert, så eg må lysa ut stillinga ein gong til, seier Bisgaard.

På skulen hans er det så få lærarar at dei må slå saman klassar når ein lærar er sjuk eller på kurs. Han er ikkje den einaste rektoren i området med same problem.

Talet på folk som søker på lærarstillingar har endra seg dramatisk i Stavanger det siste året.

– Stavangerskulen har eit godt rykte og det er mange som vil jobba her, men mange kan ikkje gjer det fordi dei ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden, seier rektoren.

Blir ikkje betre med det første

Ved Våland skole i Stavanger prøver ein nå å tilsetja to lærarar for tredje gong denne hausten.

Då stillingane blei lyste ut i juni valde dei to kvalifiserte lærarjobb i ein annan kommune.

Ved neste utlysing var det ingen kvalifiserte søkarar. Rektor Eli Ryssdal har aldri opplevd ein meir skrapa lærarmarknad i sine tjue år i skulen.

Ho er ikkje aleine. Utdanningsforbundet er urolege.

– Me er i den situasjonen at me ikkje har nok lærarar og i tillegg er det svært mange seniorlærarar som kjem til å slutta i løpet av dei neste fem åra. Me kjem derfor til å koma i ein situasjon der me vil oppleva ein endå større mangel på lærarar enn det me har nå, seier Merethe Handegaard-Skeie.

Derfor meiner ho at det må eit krafttak til i rekrutteringsarbeidet i regionen.

Flere nyheter fra Rogaland