Hopp til innhold

Saknar kollektivpengar til Stavanger

Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, hadde forventa pengar til kollektivsatsing i statsbudsjettet, men Stavanger fekk inga storbypakke. – Me står klar med pengar om det kjem inn søknad, seier Hallgeir Langeland.

Køer Bilfri dag

Kvar dag er det lange bilkøar i Stavanger og på Nord-Jæren.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Bjørg Tysdal Moe

Bjørg Tysdal Moe (KrF) er varaordførar i Stavanger kommune.

Foto: Hans H. Bjørstad

– Eg forventa det skulle vera kollektivpengar til oss sidan miljøvernminister Bård Vegar Solhjell var i Sandnes og lova forsterkingar i forhold til miljø og satsing på framtidas byar. Om ein skal satsa på framtidas byar, må ein satsa på kollektiv, seier varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe.

Totalt er det i Statsbudsjettet, som blei lagt fram i dag, føreslått 673 millionar kroner til byar som kjem med tiltak for betre kollektivtransport og mindre bilbruk.

Tysdal Moe reagerer på at Stavanger og Nord-Jæren ikkje ein gong er nemnt under dette punktet.

– Gulrot og pisk

– Denne regionen skrik etter meir framtidsretta løysingar, og me har vore i samtalar med tidlegare samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Der sa me ifrå om at me ønskjer oss ein bypakke, seier Tysdal Moe.

Men i statsbudsjettet er ikkje Stavanger nemnde under dette punktet. Med ein bypakke kunne kommunen sikra seg pengeoverføringar frå staten i fleire år, for å jobba mot betre kollektivløysingar.

– Me ville forplikta oss til å gjera noko lokalt med til dømes parkeringsrestriksjonar, medan det også blei jobba for eit betre kollektivtilbod. Altså gulrot og pisk samstundes, seier Moe.

Ho seier at ein bypakke ville skapt ein sikkerheit rundt at det blei jobba mot dette målet.

Saknar søknad

Kollektivforkjempar Halgeir Langeland, i regjeringspartiet Sosialistisk Venstreparti, meiner på side at det ikkje har kome inn søknad om pengar frå kommunane på Nord-Jæren, inkludert Stavanger.

Han seier staten skal stå klar med pengane når søknaden kjem.

– Det er for gale slik situasjonen er på Nord-Jæren i dag. Bussar og næringsliv står i kø og tapar pengar, og folk kjem for seint på jobb. Dette må ryddast opp i, og eg er klar med pengar frå staten, seier Langeland.

Tysdal Moe meiner at dei allereie har søkt.

– Me har søkt om belønningsmidlar, og hatt fleire rundar med samferdselsdepartementet om bypakkar. Poenget er at må bli samde om kva dei skal innehalda, og her trengst det ein dialog, seier ho.

Ho meiner at Stavanger ikkje får pengar, mellom anna sidan dei ikkje vil innføra rushtidsavgift.

Desse er nemnde i statsbudsjettet

  • Trondheimsregionen (har hatt avtale sidan 2009, ønskjer å forlenga)
  • Kristiansandsregionen (har hatt avtale sidan 2009, ønskjer å forlenga)
  • Buskerudbyen (har to år att av sin fireårige avtale)
  • Bergen/Hordaland (har tre år att av sin fireårige avtale)
  • Nedre Glommaregionen (har søkt om avtale)
  • Grenland (har søkt om avtale)
  • Oslo (har søkt om avtale)

Søknadene vil bli vurdert mellom anna på grunnlag av føresetnadene i klimaforliket. (Kjelde: Samferdselsdepartementet)