Hopp til innhold

Dette er ein vassmelon

Kerstin Hamann frå Tyskland er europameister i å laga kunst av mat. Under Gladmat-festivalen i Stavanger viser ho fram meisterstykka sine.

Dette er ein melon

Med eit verktøyskrin med over 30 knivar og spesialverktøy lagar Kerstin Haman kunst av mat.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Kerstin Hamann

Kerstin Haman er frå Tyskland, men flytta til Norge for nokre år sidan.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Gladmat-festivalen i Stavanger er inne i sin andre dag. Og med fleire cruiseskip i hamn, har det vore stappfullt med folk i sentrum i dag.

Mange av dei besøkjande har sperra opp augo når dei har gått forbi boda til Kronengruppen der Kerstin Hamann frå Tyskland står.

Får betalt for å leika med maten

Hamann er nemleg europameister i matkunst, og får bokstavleg talt betalt for å leika med maten.

Verktøyskrinet hennar består av over 30 ulike knivar, som ho nyttar til å laga kunst av melonar, gulrøter, squash, agurk, appelsinar, eple og andre typar frukt og grønsaker.

– Det er veldig pent å setja dette på buffeen, folk likar å sjå på det, seier ho til NRK.no.

Ho er i gang med ein melon, som ho skal gjera om til ei rose (sjå video lenger nede i artikkelen). Til denne nyttar ho ikkje alle spesialknivane i skrinet.

– Eg har meir enn 30 knivar, men normalt klarar eg meg likevel med fem, seier ho.

Frukt- og grønsaksutskjæringar

Eit anna meisterverk av Kerstin Haman.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Heilt sjukt

Lærdommen har ho fått frå ein kinesar i Tyskland.

– Eg hadde tre ulike kurs med han. Eg lærte meg å skjæra i både frukt- og grønsaker, seier Hamann.

– Kva type respons får du frå Gladmat-publikumet i Stavanger?

– Mange blir begeistra, dei stoppar opp og fotograferer. Dei ser på det som nærmast umogleg det eg gjer med maten. Det var nokon som sa det var heilt sjukt at eg fekk til å laga ei rose av vassmelonen.

VIDEO: Sjå melonen bli om til ei rose

Kerstin Haman frå Tyskland er europameister i å laga kunst av mat. Under Gladmat-festivalen i Stavanger viser ho fram meisterstykka sine.

VIDEO: Sjå korleis ein ekte matkunstnar skjær i vassmelonen.