Hopp til innhold

Høyr dei første tonane bli spelte i Stavanger konserthus

Med ein prislapp på 1,2 milliardar kroner er det viktig at alt er perfekt når Stavanger konserthus opnar i haust. I dag blei akustikken i orkestersalen testa ut med fullt orkester for første gong.

Første prøving av Stavanger konserthus

Stavanger symfoniorkester gjennomfører den første prøvinga av Stavanger konserthus.

Det var Sergey Rachmaninov sin symfoni nummer to, som blei det første stykket veggane i Stavanger konserthus fekk høyra.

I dag var det nemleg duka for testkonsert utan publikum i orkestersalen Fartein Valen.

– Veldig god start

– Dette er eit veldig flott hus, men me skal jobba litt med akustikken slik at det blir endå betre, sa den tyske akustikkeksperten Eckhard Kahle til NRK.no like etter Stavanger symfoniorkester hadde spelt seg gjennom den første runden.

Sjefsdirigent Steven Sloane nikkar ved sidan av, og er heilt samd.

– Dette var ein veldig god start, seier den entusiastiske dirigenten.

Allereie 28. mai skal konserthuset bli prøvd ut på publikum. Då er det huset sine abonnentar så får koma å høyra på akustikken i bygget med ein prislapp på 1,2 milliardar kroner.

Stavanger konserthus

Slik skal det nye konserthuset i Stavanger sjå ut frå lufta.

Foto: Placebo effects AS, Arkitekt: Medplan AS Arkitekter

Sitjeplass til 1.500 publikummarar

Opninga for vanleg publikum vil vera 14. til 23. september, med konsertar i ulike sjangrar kvar dag.

heimesidene sine skriv Stavanger konserthus at salen som i dag blei testa ut er designa for akustisk musikk og at den skal gje assosiasjonar til eit instrument i sin kasse.

Veggar, himling og balkongar er kledde med ein kombinasjon av heiltre lønn og lønnefinér med lys, gyllen tint.

Golvet er i ask, og dei 1.500 stolane er i lys lønn med stoltrekk i blålilla fløyel. Himlingen kan ein heva og senka tilpassa musikken.