Hopp til innhold

– Dei framstår som sutrete småungar

– Fylkespolitikarane framstår som sutrete småungar i bompengesaka. Det meiner statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.

Janne Johnsen (H) og Tom Tvedt (Ap)

IKKJE SÅ GOD TONE LENGER: Under valvaken i haust var stemninga mellom nåverande fylkesordførar Janne Johnsen (H), og dåverande fylkesordførar Tom Tvedt (Ap) svært god. Etter gårsdagens fylkestingsmøte har dei to vore i tottane på kvarandre.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Svein Tuastad

Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, er oppgitt over korleis Fylkespolitikarane framstår i debatten om bompengar på Nord-Jæren.

Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS

Politikarane i Fylkestinget blei i går ikkje einige om å forlenga bompengeperioden for Nord-Jæren.

Sjølv om dei fleste partia var for å forlenga bompengeperioden på Nord-Jæren, klarte dei likevel ikkje og einast om same forslag. Usemja handlar om kva bompengane skal brukast til.

– Dei som bur i regionen blir råka

Og når det ikkje blei fleirtal for nokre forslag, tolkar bompengemotstandar Framstegspartiet det dit hen at det blir avvikling av bompengeordninga om tre år.

Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, lar seg ikkje imponera av denne noko innvikla saka, og den manglande evna til og einast.

– Sentrale politikarar framstår nå som sutrete småungar, og det er dei som bur i regionen som blir råka av det, seier han til NRK.no.

Fylkesordførar Janne Johnsen frå Høgre er ei av dei sentrale politikarane han snakkar om. Saman med KrF gjekk dei for eit forslag, medan Arbeiderpartiet saman med Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Venstre gjekk for eit anna.

Tvedt og Johnsen

– Det er dumt at Ap lagar snubletrådar, sa Johnsen til NRK etter fylkestingsmøtet i går.

Tidlegare fylkesordførar Tom Tvedt kasta seg på ordvekslinga og sa at fleirtalet ikkje var villige til å koma fram til ei løysing. Tuastad meiner enkelt og greitt at politikarane må skjerpa seg:

– Ein må nesten appellera til dei sentrale politikarane og be dei om å leggja visse ting bak seg, og heller rettar blikket framover, seier han.

Han meiner at dersom det ikkje blir forlenga bompengeperiode blir det dumt for ein region som skrik etter pengar til vidare utbygging.