Hopp til innhold

Dette vil folk ha i kyssekroken

Om tre veker opnar landets første kyssekrok på Stavanger lufthamn Sola. Avinor har spurt folket kva dei vil ha i kyssekroken, og her er svara dei fekk.

Kyssekrok på Sola

KYSSEKROK: Skiltet til kyssekroken som opnar på Stavanger lufthamn Sola om få veker er allereie på plass.

Foto: AVINOR/COLOURBOX.COM

George Clooney

NEI: Ønsket om å ha George Clooney i ekte person, eller på ein plakat, blir avvist av Avinor. – Det blir for uhygienisk, ifølgje Morten Sand.

Foto: JIM WATSON / Afp
Frisk pust

KANSKJE: Forslag om munnspray, tyggjegummi eller annan måte å friske opp munnen på skal Avinor prøva å imøtekoma. Dei skal sjå om dei får på plass prøvepakkar med tyggjegummi.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Grønn sofa

JA: Forslaget om ein sofa liker Avinor godt. Og leiinga på flyplassen lovar at dei skal få på plass ein sofa til opninga av kyssekroken.

Foto: Foto/Illustrasjon: Utopia Retro Modern

– Mange forslag har kanskje vore litt tullete, men me har også fått inn gode forslag som me vil følgja opp, seier Morten Sand i Avinor.

– Behov for kyssekrok

Han er leiar for terminalopplevingar på Stavanger lufthamn Sola, og det er han som står for lanseringa av kyssekroken som snart er på plass.

– Mange trur at me gjer dette for tull. Men det er meint seriøst og behovet er der, seier Sand.

Årsaka til at kyssekroken kjem, er at folk ikkje skal måtta stå like utanfor tryggingskontrollen for å kyssa farvel. Nå kan dei gøyma seg vekk litt.

Han trur at andre flyplassar i landet vil følgja etter når Sola har fått kyssekroken på plass om tre veker.

– Utan tvil. Eg har ikkje vore i kontakt med nokon andre flyplassar her til lands om det endå, men eg reknar med at dei vil visa interesse allereie på måndag.

Mange tips

Men erfaring med å innreia ein kyssekrok er det ingen som har. Avinor har derfor retta seg til publikum på Twitter og Facebook for å få tips frå folket.

Og tipsa har strøymd på:

«Bør innehalde noe rødt rundt seg.. og en liten bord meden eske med tørkeservieter itilfele tårer... og kanskje en kurv med små blomster som kan gi til sin kjære.. hehe men morsom god ide..», skriv ein på Facebook.

Medan ei anna skriv:

«Herlig! :-) Gleder meg! Kyssekroken bør selvfølgelig innehalde noen jeg har lyst til kysse. ;-)»

Sjølv om tipsa har vore mange, er det ikkje alle Avinor tar like seriøst:

– Ein plakat av George Clooney blir for uhygienisk, seier Sand.

Kyssevettreglar

Han liker likevel tipsa som har kome inn om munnspray og tyggjegummi.

– Det som går på munnhygiene er bra. Me må sjå om me klarar få på plass prøvepakkar av tyggjegummi, og kyssevettreglar.

Forslaget om sofa meiner han også at Avinor skal lytta til, og lovar at dette skal vera på plass.

Dersom kroken blir for populær seier han at dei også må vurdera ei kølappordning. Han forsikrar om at det ikkje blir forbod mot kyssing andre stader på flyplassen trass kyssekroken.