Hopp til innhold

Tolv nye trafikklys skal få bussen fram på Forus

Privatbilar kan snart bli stoppa i tolv nye trafikklys på Forus-Aust, for at bussen skal koma seg betre fram. Dersom ikkje Stavanger eller Sandnes kommune stiller seg på bakføtene blir det grønt lys i løpet av våren.

Lysregulering Forus

Trafikken på Forus har lenge vore eit problem. Sjå kor dei planlagde lysreguleringane og tilfartskontrollane vil koma i kartet lenger nede i saka.

Foto: NRK/Vegvesenet

– Me har mange bussar som går, men bussane står i same kø som privatbilane, og derfor ønskjer me å prioritera bussane fram, seier fylkessamferdselssjef i Rogaland Gunnar Eiterjord.

  • Sjå kor dei nye trafikklysa blir plasserte lenger nede i saka!

Eiterjord har planen klar Forus-Aust som er svært belasta av trafikk. Tolv trafikklys skal få bussen fram, mens bilistane på sidevegane må venta på tur.

Såkalla tilfartskontroll er vanleg i andre byar, særleg i utlandet – men har ikkje tidlegare blitt brukt i så stor stil i Rogaland.

– I sum vil ikkje bilistane bli råka

Langs eit par kilometer av fylkesveg 44, sidevegane på strekninga, og eit par andre stader på Forus-Aust skal bussane med hjelp av ordinære trafikklys og tilfartskontroll.

– Det fungerer på den måten at bilane blir haldt att når bussen treng å koma seg fram, seier Eiterjord.

I rapporten frå Norconsult, som har laga forslaget for fylkeskommunen heiter det at målsetjinga er å få trafikken frå kvar sideveg ned i 180 bilar i timen.

Når dagens trafikk på mange av desse vegane er på fleire tusen bilar i timen, seier det seg sjølv at det kan koma til å ta tid og koma seg ut frå arbeidsplassar som til dømes Statoil.

Fylkessamferdselssjefen meiner likevel at bilistane ikkje vil koma dårleg ut av den nye ordninga:

– Det vil nok vera slik at dei som skal ut frå sidevegane må venta litt lenger, men når dei kjem ut på hovudvegen vil trafikken flyta betre. Dermed vil dei mest truleg ikkje tapa på dette i sum, seier Eiterjord.

Her er dei nye trafikklysa planlagde

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kan koma første halvår i år

Nå skal Stavanger og Sandnes kommunar si meininga si før trafikklysa etter planen kan koma på plass i løpet av første halvår i år.

Utan for mange protestar, håper Eiterjord:

– Eg håper og trur at folk flest forstår at det er viktig å få bussen fram. Nå har me oppretta mange direkteruter med buss til rette for at folk skal kunna bruka bussen. Noko av utfordringa er å få desse bussane fram til ei akseptabel reisetid, seier Eiterjord.